Cæsar Boeck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cæsar Boeck
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. mai 1766
Fredericia
Død

16. juni 1832 (66 år)
Christiania

Yrke politikar, kjøpmann, offiser
Språk norsk

Cæsar Læsar Boeck (13. mai 176616. januar 1832) var ein dansk-norsk offiser, kjøpmann og stortingsmann frå Fredericia i Danmark. Han var far til Carl Wilhelm Boeck og Christian Boeck.

Boeck var løytnant i artilleriet, steig seinare til kaptein. Han opna grossistforretning i Kragerø, før han vart overførster på Kongsberg. Til sist var han kjøpmann i Christiania.

Boeck var stortingsrepresentant for Kragerø og Risør i 1818, 1824 og 1830. I 1818 var han med i 23 komitear, formann i tre av dei og sekretær i to. Same året var han medlem av stortingsdeputasjonen som tok del i kongekroninga i Stockholm. Seks år seinare var han med i komiteen om militærvesen, om berg- og skogvesen og om kjøpstadskatten. På sitt siste storting, 1830, var han med i komiteen om næringsvegane og kjøpstadskatten.

Boeck døydde i Christiania i 1832.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]