Céline Dion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Céline Dion syng «God Bless America» om bord på USS Harry S. Truman 2. mai 2002

Céline Marie Claudette Dion (fødd 30. mars 1968) er ei kanadisk songarinne frå Charlemagne i den fransktalande provinsen Québec i Canada. Ho er spesielt kjend for songen «My Heart Will Go On» frå filmen Titanic frå 1997.

Celine Dion byrja karrieren sin som lokal artist i Québec, men vart etterkvart godt kjend i heile den fransktalande verda. Det første albumet hennar, La Voix du Bon Dieu, kom ut i 1981. Ho har også tatt spranget over i den engelskspråklege platemarknaden. Dette skjedde ved lanseringa av det første engelskspråklege albumet hennar, Unison i 1990. Ho har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

I Noreg vart Dion første gong lagt merke til av eit større publikum i 1988 da ho stilte opp for Sveits i Eurovision Song Contest i Dublin og vann med songen «Ne partez pas sans moi».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]