Céret

Koordinatar: 42°29′N 2°45′E / 42.483°N 2.750°E / 42.483; 2.750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Céret
Hovudgata i Céret
Hovudgata i Céret
Hovudgata i Céret
Byvåpenet til Céret
Byvåpenet til Céret
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Languedoc-Roussillon
Pyrénées-Orientales
Geografi
Flatevidd 37,86 km²
Flatevidd
 - By

37,86 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

7 747
  192/km²
Koordinatar 42°29′N 2°45′E / 42.483°N 2.750°E / 42.483; 2.750
Høgd over havet 154 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 66400
Heimeside: www.ceret.fr

Céret (katalansk Ceret) er ein liten by og kommune sør i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Pyrénées-Orientales i regionen Languedoc-Roussillon, og har om lag 7 747 innbyggjarar (2016).[1]

Céret

Byen ligg ved foten av Pyreneane, og er mest kjend for eit museum med moderne kunst, som har mange bilete og skulpturar av Pablo Picasso og andre impresjonistar. Cafe Pablo i byen er tileigna Picasso, og Grand Cafe, som framleis finst i dag, var ein møtestad for mange kjende kunstnarar på byrjinga av 1900-talet.

Området rundt Céret er ein stor produserer mykje frukt, og er særleg kjend for kirsebæra. Dei første bæra som vert plukka kvar sesong vert etter tradisjonen sende til den franske presidenten. Céret har ein årleg kirsebærfestival, og ein konkurranse i å spytte kirsebærsteinar så langt som mogeleg.

Céret har òg eit årleg okseløp, der unge oksar spring etter menn og damer i gatene. Personar, gjerne fyrt opp på den lokale vinen med tradisjonelle katalanske klede i raudt og gult, spring etter oksane i eit forsøk på å få tak i halen til oksane og å halde fast så lenge som mogeleg.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen strekkjer seg mellom 175 og 1 400 meter over havet, og ligg 200 km frå Montpellier, 250 km frå Toulouse og 180 km frå Barcelona.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]