César-François Cassini de Thury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
César-François Cassini de Thury. Miniatyrakvarell måla av Jean-Marc Nattier.

César-François Cassini de Thury (17. juni 17144. september 1784) var ein fransk astronom og kartograf som særleg verka innan geodesi (måling og avbilding av jorda). Han var son av Jacques Cassini og far til Jean-Dominique Cassini, som begge var astronomar.

Cassini de Thury blei direktør for Paris-observatoriet i 1756, og korrigerte Parismeridianen som går gjennom observatoriet. Han var initiativtakar for ei trigonometrisk oppmåling av Frankrike, og var hovudmannen bak Cassini-kartet, det første nøyaktige kartet over heile Frankrike. Kartet var også det første som nytta topografiske oppmålingar og triangulering til å skildra eit heilt land. Arbeidet tok til i 1740, og var først ferdig i 1789.

Cassini de Thury gav også ut Description géométrique de la Terre ('Geometrisk skildring av jorda') i 1775.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Cassini de Thury, César-François (2011), Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica.