CARICOM

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Caribbean Community and Common Market (forkorta CARICOM; norsk: Det karibiske fellesskapet) er ein internasjonal organisasjon som vart grunnlagd ved Chaguaramas-traktaten, som tredde i kraft 1. august 1973. Dei fyrste signatarmaktene var Barbados, Jamaica, Guyana og Trinidad og Tobago. Organisasjonen vart opphavleg stifta for å sørgje for framhald i den økonomiske samhandlinga mellom dei engelsktalande landa i Karibia etter at Den vestindiske føderasjonen vart oppløyst i 1962.

Medlemsland[endre | endre wikiteksten]

Mørkegrøn: Medlemmer i CARICOM
Lysegrøn: Tilknytte land
Beige: Land med observatørstatus
Grå: Ikkje-medlemmer

Per 2010 har CARICOM 15 fullverdige medlemsland, 5 tilknytte medlemsland og 7 land med observatørstatus. Alle dei tilknytte medlemmene er britiske oversjøiske territorium, og det er uklart kva for rolle desse landområda skal ha i organisasjonen. Landa med observatørstatus er land som er med i minst éin av dei tekniske komitéane i CARICOM. Datoane i parentes nedanfor er dei datoane då eit land vart med i CARICOM.

Tilknytte land[endre | endre wikiteksten]

Land med observatørstatus[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]