COBRA-gruppa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
COBRA-museet i Amstelveen.
Frå COBRA-museet.
Skulptur lagd av Corneille i vatnet utanfor museet i Amstelveen.

COBRA var ei europeisk avantgardistisk kunstnargruppe som var verksam frå 1949 til 1952. Gruppa søkte ei ny retning for vestleg kunst etter andre verdskrigen. Ho hadde ein markant politisk og sosial dimensjon som var basert på kritikk av samfunnet under Den kalde krigen, og mange av kunstnarane hadde interesse for marxismen.

COBRA-kunstnarane var inspirert av barnekunst, folkekunst og mytologi. Kunstnarane tok avstand frå surrealismen, men brukte retninga som eit utgangspunkt. Motiva kan vera abstrakte eller fordreidde skikkelsar. Måleri av kunstnarar i gruppa har ofte sterke fargar og kraftige penselstrøk, og kan minna om abstrakt ekspresjonisme og action painting.

Gruppa blei skipa den 8. november 1948 av Karel Appel, Constant, Christian Dotremont, Asger Jorn og Joseph Noiret på Café Notre Dame i Paris. Ein slo då saman den danske gruppa Høst, den nederlandske gruppa De Experimentele Groep og den fransk/belgiske Le Surréalisme Révolutionnaire. Namnet blei laga i 1948 av Christian Dotremont, som sette saman bokstavar frå heimbyane til kunstnarane som var med: Copenhagen (Co), Brussel (Br), Amsterdam (A).

På vårparten 1950 oppstod det ein beisk strid i COBRA[1], med Dotremont på den eine sida, og den hollandske gruppa, særleg Constant, på den andre sida, og med Jorn som den parten som i ei viss mon freista å jamna ut motsetnadene. I røynda hadde motsetnadene vore til stades heile tida, men fekk ny næring etter ei Cobra-utstilling på Stedelijk Museum i Amsterdam, opna i november 1949. I Amsterdam hadde dei gått til det steget å utvide Cobra med kunstnarar frå mange land, samla i ei rørsle som vart kalla International des Artistes Experimenteaux (IAE). Eit av stridsspørsmåla var framleis synet på tilhøvet mellom politikk og kunst, eit anna galdt Dotremonts krav om å spele ei dominerande rolle i redaksjonen av tidsskriftet i det heile, ikkje berre for dei numra som kom ut i Belgia. Jorn, som kravde sjølvstende for kvar gruppe i det einskilde landet, freista avbalansere synsmåtane, og det kom til ei viss avklåring frametter våren. Men i april 1951, då ei utstilling i Paris med Jorn, Appel, Corneille, Egill Jacobsen og Mogens Balle (som av vanskar med transporten ikkje fekk bileta sine fram i tide) vart opna med namnet Cinq peintres de Cobra («Fem Cobra-målarar»), var det klårt at Cobra-rørsla var i oppløysing; den hollandske gruppa var då nedlagd.

Det finst eit COBRA-museum i Amstelveen i Nederland. Kunst knytt til Asger Jorn og andre COBRA-kunstnarar finst òg ved Museum Jorn i Silkeborg i Danmark.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Nokre av medlemmene i COBRA var:

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjå artikkel om Asger Jorn

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: COBRA-gruppa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]