Cabo de Palos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Mar Menor i Cartagena og Cape Palos.

Cabo de Palos (katalansk Cap de Pals) er eit nes i kommunen Cartagena i Spania i regionen Murcia. Det er ein del av den vesle vulkanske fjellkjeda som utgjer den vesle halvøya. Øyane Grosa og Hormigasøyane i Middelhavet er ein del av denne fjellkjeda, samt dei fem øyane i Mar Menor («Veslehavet»). Namnet «Palos» kjem av det latinske ordet palus, som tyder lagune og viser til Mar Menor.

I følgje Plinius den eldre og Rufus Festus Avienus stod det ein gong tempel tileigna Baal Hammon på ytst på enset, som seinare vart tilknytt ein kult som dyrka Saturn. Under regjeringstida til Filip II av Spania vart det bygd eit utkikkstårn på neset for å verne området mot barbareskpiratar. Eit slag ved neset fann stad den 19. juni 1815 mellom den amerikanske marinen og barbareskpirater. Under den spanske borgarkrigen fann slaget ved Cabo de Palos stad ved neset i 1938.

Det vart bygd eit fyr her som kom i drift 31. januar 1865. Neset er ein del av eit sjøreservat, Reserva Marina de Cabo de Palos e Islas Hormigas.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]