Cadagua
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Cadagua | ||
|
|
||
| Utspring | Sierra Magdalena | |
| Munning | Bilbaoestuaret | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 70 km | |
| Middelvassføring | 10,2 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 600 km² | |
Cadagua eller Kadagua er ei elv nord i Spania og drenerer området Encartaciones frå Valle de Mena til Barakaldo og Bilbao, der ho dannar grensa mellom desse kommunane. Ho munnar ut i Bilbaoestuaret. Elva renn òg gjennom byen Balmaseda.
Elva har fått namn etter ein liten landsby der den øvste kjelda hennar ligg. Landsbyen Cadagua ligg i Valle de Mena omgjeve av La Peña-fjella.
Fire små vasskraftverk produserer elektrisitet i Cadagua. Fram til slutten av 1900-talet var òg fleire møller i drift langs elva.
Cadagua er eit selskap som er kalla opp etter elva. Selskapet planlegg og byggjer vassreinsanlegg for å betre miljøet.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Cadagua River» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mai 2009.