Cadaver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Cadaver var eit norsk daudmetall-band som vart oppløyst sumaren 2004. Bandet vart opphavleg skipa i 1988 av Anders Odden og Ole Bjerkebakke. Gruppa fekk platekontrakt med Earache Records i 1989 og gav ut Noregs fyrste daudmetallplata, Hallucinating Anxiety, i 1990. Plata vart seld i meir enn 10 000 eksemplar og vart ein undergrunnsklassikar.[treng kjelde] Den andre plata, ...In Pains, kom ut i 1992 og vart seld i meir enn 25 000 eksemplar.[treng kjelde] Cadaver-prosjektet vart lagt på is i 1993. Årsakene til oppløysinga var usemjer om kvar bandet skulle gå vidare, initiert av det store oppsvinget som svartmetall fekk på denne tida.

I åra som gjekk involverte Anders Odden seg fyrst og fremst i elektronisk musikk, mellom anna var han aktivt med i Apoptygma Berzerk. Men i 1999 gjekk han saman med andre veteranar frå metallmiljøet og skipa opp att Cadaver under namnet Cadaver, Inc. Mellom anna kom Ole Jørgen Moe frå Aura Noir inn som vokalist. På Internett sette dei opp si eiga heimeside der dei tilbaud seg å rydda opp etter folk som var drepne eller hadde teke livet av seg. Sida laut til slutt takast ned etter at bandet vart sett under politietterforsking.[treng kjelde]

I 2004 tok Cadaver, Inc. attende det gamle namnet Cadaver. Dei sterkt støytande tekstene på den siste plata Necrosis synte at dei gamle metall-veteranane ikkje akkurat hadde mjukna med åra.[treng kjelde] Etter at Necrosis kom ut, valde gruppa å oppløysa seg sjølv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]