Caer Caradoc

Koordinatar: 52°33′11″N 2°46′22″W / 52.55302°N 2.77279°W / 52.55302; -2.77279
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Caer Caradoc Hill
Marilyn
Caer Caradoc
Land  England
Fjellkjede Shropshire Hills
Topp Shropshire
 - høgd 459 moh.
 - Primærfaktor 271 m
Kart
Caer Caradoc
52°33′11″N 2°46′22″W / 52.553019444444°N 2.7727888888889°W / 52.553019444444; -2.7727888888889
Wikimedia Commons: Caer Caradoc

Caer Caradoc er ein ås i Shropshire i England. Han ligg oppfor byen Church Stretton og landsbyen All Stretton med panoramautsyn nordover mot The Wrekin, aust til Wenlock Edge, og i vest over Long Mynd. På ein klår dag er det mogeleg å sjå åsane nordaust i Wales, dei høge bygningane i Birmingham i aust, Worcester Beacon i Malvern Hills i søraust og Hay Bluff i Black Mountains i Wales og toppane i Brecon Beacons i sør. Caer Caradoc har ei høgd på 459 meter over havet.

På toppen av åsen står eit åsfort frå jernalderen og seint i bronsealderen. Åsen er kalla opp etter fortet og Caer Caradog tyder på walisisk «fortet til Caradog». Ei lokal segn seier at dette var staden der den siste kampen til Caractacus fann stad mot dei romerske legionane under den romerske erobringa av Storbritannia, og at han etter slaget gøymde seg i ei grotte nær toppen. Andre hevdar at dette berre av ein av festningane hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

52°33′11″N 2°46′22″W / 52.55302°N 2.77279°W / 52.55302; -2.77279