Caher Island

Koordinatar: 53°43′04″N 10°01′39″W / 53.71778°N 10.02750°W / 53.71778; -10.02750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Caher Island
Lokalt namn Cathair na Naomh
Geografi
Caher Island is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 53°43′04″N 10°01′39″W / 53.71778°N 10.02750°W / 53.71778; -10.02750

Administrasjon
Land Republikken Irland
Grevskap Mayo

Demografi
Folketal 0

Caher Island (Cathair na Naomhirsk) er ei øy utanfor kysten av County Mayo ved Irland. Øya er ikkje busett og ligg mellom den større øya Clare Island og Inishturk. Ho er ein gamal pilegrimstad og vert framleis vitja på grunn av dette. 15. august kvart år, på Jomfru Marias himmelfart, vert det gjort pilegrimsreiser til øya. Namnet på irsk tyder «Helgenane sin by». Ein kan kome til øya med båt frå Inishturk.

Øya har eit gammalt kloster frå tidleg kristendom med restane av eit kapell med fleire graverte heller. På øya ligg òg ein eremitasje etter munkar frå 600-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]