Calder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om elva i West Yorkshire i England. For Calder, sjå Calder (fleirtyding).
Calder
elv
Calderdalen vest for Hebden Bridge
Land  England
Distrikt West Yorkshire
Byar Sowerby Bridge
Kjelde Heald Moor
 - stad Todmorden, Calderdale, West Yorkshire
 - høgd 400 moh.
Kart
Calder
53°43′54″N 1°21′32″W / 53.731677°N 1.358767°W / 53.731677; -1.358767
Wikimedia Commons: River Calder, West Yorkshire

Calder er ei elv i West Yorkshire i England. Frå Wakefield har ho kanalsamband til elva Aire, og inngår såleis i Aire og Calder-kanalen.

Elva har gjeve namn til distriktet Calderdale.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Elva var ein nøkkel for suksessen til tekstilindustrien i lokalområdet, og flyt gjennom eit området kalla Yorkshire Heavy Woollen District. Fleire viktige kverner vart bygd langs breiddene til elva, spesielt ved Halifax, Huddersfield, Dewsbury og Wakefield, men òg i dei mindre områda ved Hebden Bridge, Sowerby Bridge og Todmorden. Mange av desse strukturane eksisterer enno som bygningar, men storproduksjon av garn og tekstilar har forlengst teke slutt.

Elva er viktig som transportveg for råmateriale og produkta frå kvernene, spesielt i tida før utviklinga av annan infrastruktur som veg og jernbanesamband til området. Fleire stader er elva ikkje farbar på grunn av demningar og grunt vann, og passasjar for båtar vart gjort ved å byggje kanalar slik at båtane kunne kome til vassvegen «Calder and Hebble Navigation». Arbeidet for å konstruere vassvegen, som enno eksisterer, byrja overfor Wakefield i 1758.

Ein kjend bygning ved elva er kapellet Chantry Chapel ved Wakefield, som blir datert til midten av 1300-talet.

Ved Wakefield er ei rekkje av tidlegare kvernbygningar som i løpet av midten av 2000-talet vorte oppussa for eit hamneområdeprosjekt som kombinerer bustader, kontor, galleri og offentlege rom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]