Caldera de Taburiente

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skyer dekkjer ein del av kalderaen
Frå kanten av Caldera til sidedalen

Parque Nacional de la Caldera de Taburiente er ein nasjonalpark på øya La Palma i Kanariøyane i Spania. Han inneheld den enorme Caldera de Taburiente, som ein meiner ein gong var eit enormt krater, men som i dag er ein fjellboge med ei rar kraterform. Området dominerer den nordlege delen av øya og har vore ein nasjonalpark sidan 1954.

Kalderaen er om lag 10 km på tvers og veggane tårnar 2000 meter over botn av krateret. Det høgaste punktet er Roque de los Muchachos på nordveggen, som strekkjer seg 2423 meter over havet. Det går veg opp til toppen av fjellet. Teleskopa i Roque de los Muchachos observatorium ligg heilt opp til toppen.

Under den spanske erobringa av Kanariøyane på 1400-talet, budde dei siste innfødde i øygruppa, guanchear, i kalderaen. Det viste seg umogeleg for spanjolane å invadere området og dei slo først guancheane ved ved å lure leiaren deira ut av krateret.

Cumbrecita ligg søraust langs kanten av kalderaen og gjev eit flott utsyn over området. I sørvest opnar kalderaen seg ut mot havet. Denne opninga heiter Barranco de las Augustias. Cumbre Nueva er ein rygg som starta ved kalderaen og held fram sørover.

Plantelivet i nasjonalparken er dominert av store skogar med kanarifuru og utryddingstrua kanarieiner.

Geologisk opphav[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Caldera de Taburiente. Barranco de las Augustias er oppe til høgre og Cumbre Nueva er oppe til venstre (sør er øvest og nord er nede))

Kalderaen oppstod for om lag 2 millionar år sidan med ein massiv skjoldvulkan som målte 20 km i diameter. Kalderaen er ikkje danna av ein vulkansk eksplosjon, men ved erosjon.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Ordet «kaldera» tyder «kjele» på spansk. Ordet vert nytta om særs store vulkankrater og namnet kjem frå Caldera de Taburiente.

Taburiente er ikkje eit spansk ord, men kjem frå språket til guancherane og tyder «slette».[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Carmen Díaz Alayón (1987): Materiales toponímicos de La Palma, Excmo. Cabildo Insular de La Palma, págs. 142-145