Caldey Island
| Caldey Island Lokalt namn: Ynys Bŷr |
|
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Det keltiske havet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Administrasjon | |
| Land | Wales |
| Grevskap | Pembrokeshire |
Caldey Island (walisisk Ynys Bŷr) er ei øy sør for Tenby i Pembrokeshire i Wales.
Det ligg ein liten landsby på øya, men ho er best kjend for klosteret som ligg her. Mellom Caldey Island og fastlandet ligg Caldeysundet, som er 1-2 km breitt. Det går ferje over sundet til Tenby om våren og sommaren.
På 1800-talet vart det brote kalkstein på øya, som vart frakta til lokale tørkeomnar.
Det vart grunnlagd eit keltisk kloster på øya på 500-talet og eit benediktnarkloster var her frå 1136 til alle klostera i Storbritannia vart nedlagde i 1536. Ein anglikansk benediktinarorden kom hit i 1906 og bygde det noverande klosteret. Dei vart innlemma i den romersk-katolske kyrkja i 1913, men reiste frå øya i 1925 på grunn av økonomiske vanskar. Frå 1929 og fram til i dag har cisterciensarar halde til i klosteret. Det står òg eit normannisk kapell frå 1100-talet på øya, ein oghamkross frå 500-talet og eit fyr frå 1828.
Namnet på øya kjem frå det norrøne Keld-Eye, som tyder «Kald øy».
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Caldey Island» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2010.