Californiastraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Californiastraumen er ein havstraum i Stillehavet som renn sørover langs vestkysten av Nord-Amerika, frå utanfor sørlege område av British Columbia til utanfor sørenden av Baja California. Straumen er ein austleg grensestraum og ein del av nordstillehavsvirelen. Straumen fører til oppvelling ved kysten, der kaldt, og næringsrikt vatn strøymer opp frå djupare vasslag. Det kjølige vatnet gjer at ein ofte får tåke på kysten av Californa.

Ein smalar og svakare motstraum, Davidsonstraumen, flyttar stundom varmare vatn nordover om vinteren. Under El Niño-hendignar, vert Californiastraumen forstyrra, noko som fører til mindre planteplankton, som så igjen påverkar heile næringskjeden i havområdet, som både fisk, sjøfugl og havpattedyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «California Current» frå Wikipedia på engelsk, den 6. september 2011.
  • Carina Stanton. Warmer oceans may be killing West Coast marine life. Seattle Times. 13 July 2005. Retrieved 22 March 2008.
  • Mann, K.H., Lazier, J.R.N. 2006. Dynamics of Marine Ecosystems: Biological-Physical Interactions in the Oceans. Third Edition. Blackwell Publishing. pp. 166–167, 194-204.
  • Schwing, M.R., Mendelssohn, R., Bograd, S.J. 2003. El Nino Impacts of the California Current Ecosystem. Report produced by NOAA Fisheries, Southwest Fisheries Science Center. 1-8.