Calling All Stations

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Calling All Stations
Studioalbum av Genesis
Utgjeve 1. september 1997
Innspelt januar–juni 1997 ved The Farm i Surrey
Sjanger Rock
Lengd 67:42
Selskap Virgin (UK)
Atlantic (US)
Produsent Nick Davis, Tony Banks, Mike Rutherford
Kritikk
Genesis-kronologi
The Way We Walk, Volume Two: The Longs
(1993)
Calling All Stations Genesis Archive 1967–75
(1998)

Calling All Stations (òg kjend som ...Calling All Stations...) er det femtande og siste studioalbumet til rockebandet Genesis. Det vart spelt inn etter at Phil Collins hadde slutta i bandet i 1996, og kom ut i 1997.

Av dei tre singlane som vart gjevne ut frå albumet, klarte alle tre seg godt,[4] men berre «Congo» vart ein større hit som nådde Topp 40-lista i Storbritannia[4] og i minst tre andre europeiske land.[5][6]

Calling All Stations nådde andreplassen på albumlista i Storbritannia.[4] Det nådde 54. plass i USA.[7]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Vokalist Ray Wilson, som hadde fronta det kortvarige, men populære grunge-aktige bandet Stiltskin, vart henta inn som ny vokalist i bandet etter ein periode der bandet hadde hatt mange inne på prøvespel. Den mørkare vokalen til Wilson var meir lik Peter Gabriel enn Collins. Nir Zidkyahu og Nick D'Virgilio (Spock's Beard) vart henta inn for å spele trommer.

Albumet fekk stort sett dårleg kritikk. Meldingane var ofte samde i at Ray Wilson passa godt som ny vokalist for Genesis, men at songane på albumet rett og slett ikkje var gode nok.

Medan Calling All Stations selde godt i Europa, gjorde albumet det labert i USA, trass i mykje omtale før det kom ut. Som følgje av det dårlege salet i Nord-Amerika, vart den amerikanske delen av turneen kansellert. Etter at den europeiske delen av tureneen var over i 1998, valte Banks og Rutherford å legge Genesis på is, og Calling All Stations vart slik det siste studioalbumet til bandet. Ray Wilson ønskte å halde fram og har spelt fleire av Genesis-songane solo.

I 2007 la Genesis ut på ein turné, men denne gongen med Phil Collins på vokal igjen.

Ein SACD / dobbel DVD (inkludert nye 5.1- og stereomiksar) av albumet kom ut i september 2007.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Tony Banks og Mike Rutherford, utanom der andre er nemde. 

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Calling All Stations»     5:43
2. «Congo»     4:51
3. «Shipwrecked»     4:23
4. «Alien Afternoon»     7:51
5. «Not About Us»   Banks, Rutherford, Ray Wilson 4:38
6. «If That's What You Need»     5:12
7. «The Dividing Line»     7:45
8. «Uncertain Weather»     5:29
9. «Small Talk»   Banks, Rutherford, Wilson 5:02
10. «There Must Be Some Other Way»   Banks, Rutherford, Wilson 7:54
11. «One Man's Fool»     8:46

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Genesis

Andre musikarar

  • Nir Zidkyahu – trommer på spor 1–3, 4 (andre halvdel), 5, 7, 10–11; perkusjon på 2
  • Nick D'Virgilio – trommer på spor 4 (første halvdel), 6, 8–9

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Album review, Allmusic. Henta 21. oktober 2012.
  2. Schinder, Scott (5 September 1997). «Calling All Stations Review». Entertainment Weekly. http://www.ew.com/ew/article/0,,289268,00.html. Henta 21. oktober 2012. 
  3. Wild, David (10 December 1997). «Genesis: Calling All Stations : Music Reviews». Rolling Stone. Arkivert frå originalen den 2. mai 2008. http://web.archive.org/web/20080502021152/http://www.rollingstone.com/artists/genesis/albums/album/274795/review/5946902/calling_all_stations. Henta 21. oktober 2012. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Genesis UK chart history, The Official Charts. Henta 21. oktober 2012.
  5. «Chartverfolgung / Genesis / Single» (på tysk). Music Line. Germany: Media Control Charts. http://www.musicline.de/de/chartverfolgung_summary/artist/Genesis/8604/single. Henta 21. oktober 2012. 
  6. «Congo» chart history, nederlandsk Charts.nl. Henta 21. oktober 2012.
  7. Calling All Stations USA chart history, Billboard.com. Henta 21. oktober 2012.