Calore Irpino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Calore Irpino
Utspring Monte Cervialto i Monti Picentini
- Høgd 1 809 m
Munning Volturno
Land i nedslagsfelt Italia
Lengd 108 km
Middelvassføring 31,8 m²/s
Nedslagsfelt 3 085 km²

Calore Irpino eller Calore Beneventano er ei elv sørvest i Italia. Ho har sitt utspring i Monte Cervialto (1 809 m) i fjella Monti Picentini i Appenninane. Elva startar frå provinsen Avellino og renn så inn i Benevento, før ho munnar ut i elva Volturno. I antikken vart elva kalla Calor.

8. mai 663 var elva åstad for eit slag mellom ein del av hæren den austromerske keisaren Constans II, som hadde invadert den lombardiske Hertugen av Benevento, og hæren til kong Grimoald under Mitola, greve av Capua, og Grimoald sin son Romuald si leiing. Den austromerske hæren tapte slaget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]