Caloris-bassenget

Koordinatar: 30°30′N 189°48′W / 30.5°N 189.8°W / 30.5; -189.8
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Caloris-bassenget

Mosaikk av halve Caloris-bassenget fotografert av Mariner 10 i 1974–75.
Koordinatar30°30′N 189°48′W / 30.5°N 189.8°W / 30.5; -189.8
Diameter1 550 km
EponymLatinsk for «varme»

Caloris-bassenget, òg kalla Caloris Planitia, er eit nedslagskraterMerkur med ein diameter på kring 1 550 km[1], noko som gjer det til eit av dei største nedslagskratera i solsystemet. Det vart oppdaga på bilete tekne av Mariner 10 i 1974, men berre den austlege delen av bassenget var då i dagsljos. Fyrst i januar 2008 vart resten av bassenget fotografert av MESSENGER-sonden som då flaug forbi Merkur.

Mosaikk av Caloris-bassenget laga av bilete frå MESSENGER-banesonden

Krateret er omgjeve av ringfjell som er kring 2 km høge. Kraterbotnen er fylt med lavasletter, [2] liknande havamånen. Utafor kraterveggane har stoff som vart kasta rundt av nedslaget skap konsentriske ringar kring krater, og strekkjer seg 1000 km utover.

Lekamen som skapte krateret må ha vore minst 100 km i diameter.[3] Basert på bileta til sonden Messenger, er alderen på Caloris-bassenget mellom 3,8 og 3,9 milliardar år.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Shiga, David (30. januar 2008). «Bizarre spider scar found on Mercury's surface». NewScientist.com news service. Arkivert frå originalen 4. mai 2008. Henta 20. august 2015. 
  2. Thomas, Rebecca J.; Rothery, David A.; Conway, Susan J.; Anand, Mahesh (16 September 2014). «Long-lived explosive volcanism on Mercury». Geophysical Research Letters 41 (17): 6084–6092. doi:10.1002/2014GL061224. 
  3. Coffey, Jerry (July 9, 2009). «Caloris Basin». Universe Today. Henta 20. august 2015.