Caltanissetta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Caltanissetta
Byvåpenet til Caltanissetta
Byvåpenet til Caltanissetta


Plassering
Caltanissetta is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Sicilia
Caltanissetta
Borgarmeister Michele Campisi
Geografi
Flatevidd
 - By

416 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

60 692
  146/km²
Koordinatar 37°29′″N 14°4′″EKoordinatar: 37°29′″N 14°4′″E
Høgd over havet 568 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 93100
Telefon-retningsnummer 0934
Nettstad: www.comune.caltanissetta.it

Caltanissetta (siciliansk Nissa eller Cartanissetta) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Caltanissetta i regionen Sicilia og har om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg i eit område med bølgjande åsar og mange små landsbyar. Elva Salso renn gjennom området.

Domkyrkja i Caltanissetta

Historie[endre | endre wikiteksten]

Caltanissetta kan sporast tilbake til 406 fvt., då admiral Nicia av Hamilcar sin omleiringsstyrke frå Kartago oppretta eit fort på staden, seinare kalla Castra Nicia (Nicia fort).

I 829 evt. vart byen okkupert av sarasenarar. Likskapen mellom det kartagiske namnet og det arabiske ordet nissa (som tyder «kvinne») gjorde at sarasenarane kalla han Qalat al Nissa («Kvinnefortet»), som igjen har vorte omforma til det italienske Caltanissetta. Busetnaden vart erobra av normannarar i 1086. Staden fekk byrettar i samband med grev Roger Borsa sine store planar om å urbanisere Sicilia, og byplanen som vart laga er framleis synleg i dag.

Etter normannarane kom byen inn under Hohenstaufen, Anjou og til slutt Aragon, som gjorde byen til hovudstad i eit grevskap. Det var her Fredrik II av Sicilia vart erklært konge.

I 1406 vart Caltanissetta eit len for familien Moncada av Paternò, og ei lang nedgangstid starta. I 1539 byrja bygginga av domkyrkja og i 1566 vart ei kjend bru bygd over Salso. I denne perioden vart byen utvida utanfor bymurane sine og nye bydelar (Santa Flavia, San Rocco degli Zingari og San Francesco) vart oppretta.

8. juli 1718 gjekk piemontesiske troppar til åtak på byen og mange mista livet. I 1787 vitja Johann Wolfgang Goethe byen.

I 1813, etter 406 år, enda styret til Moncada-familien då det føydale systemet vart avskaffa og Caltanissetta vart det 22. Comarca på Sicilia. I 1819 vart han erklært provinshovudstad, men eitt år seinare vart han plyndra fordi han framleis var lojal mot Huset Bourbon. I 1844 vart byen òg bispesete.

I 1860 gjekk Giuseppe Garibaldi inn i byen i lag med Cesare Abba og Alexandre Dumas den eldre, og 22. oktober same året vart Caltanissetta ein del av Kongedømet Italia etter ei folkeavstemming.

Byen vart hardt råka under den andre verdskrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Caltanissetta

Kjelder[endre | endre wikiteksten]