Camborne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Cambourne, ein landsby i Cambridgeshire.

Camborne

kornisk Cambron
Marknadsplassen i Camborne
Marknadsplassen i Camborne
Plassering
Camborne is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Cornwall
Distrikt Cornwall
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

20 010
Koordinatar 50°13′″N 5°18′″WKoordinatar: 50°13′″N 5°18′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer TR14
Telefon-retningsnummer 01209
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Camborne

Camborne (kornisk Cambron) er ein by i Cornwall, England. Han var tidlegare administrasjonssenter for distriktet Kerrier, og var tidlegare ein industriby. Byen inngår i eit urbant område saman med Pool og Redruth, som til saman har omkring 45 000 innbyggjarar. På 1700-talet var Camborne eit sentrum for tinn- og koparindustrien.

Gruva Dolcoath var med omkring 1050 meter i mange år den djupaste gruva i verda. Han var òg, inntil han vart nedlagt i 1921, ei av dei eldste som var i drift. Den siste tinngruva i Europa, South Crofty, låg òg i Camborne, og vart nedlagt i 1998. Det var òg mykje annan industri relatert til gruvene i Camborne, blant anna selskapet Holmans, som var den største produsenten til grevskapet av industriutstyr. Holmans eksisterer no som eit mindre selskap under namnet CompAir, og er den største leverandøren av kompressorutstyr i Storbritannia.

Eit kjend bysbarn er Richard Trevithick. Han var son av ein gruvearbeidar, og byrja å jobbe med damptrykk, noko som førde fram til eit av dei første damplokomotiva. Hans Puffing Devil vart først testa på ein veg i Camborne i 1801, noko som enno minnest i songen Going up Camborne Hill. Han fekk ikkje omsetnad for oppfinninga, og døydde fattig. I byen minnest han blant anna med ein statue utanfor biblioteket, og byen sin Trevithick Day siste laurdagen i april kvart år.

Etter mange år med økonomiske vanskar har Camborne, Pool og Redruth sett i gang (2004) eit stort gjenopplivingsprosjekt kalla CPR Regeneration (i tillegg til å vere initialane til byane er òg CPR ei forkorting for hjartemassasje og kunstig andedrått). Ei investering på 150 millionar pund frå den britiske regjeringa, skal gje 4000 nye jobbar og auke løna i området med 15%.

Camborne School of Mines (grunnlagd 1888) er han einaste utdanningsinstitusjon for bergverksarbeidarar i Storbritannia. Han er ein del av University of Exeter in Cornwall, og held no til på campusen til universitetet i Tremough.

I 1921 vart det funne restar etter ein romersk villa på Magorgarden i Illogan rett ved Camborne. Dette er den einaste større romerske funnstaden i Cornwall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]