Cambrian Mountains

Koordinatar: 52°25′N 3°30′W / 52.417°N 3.500°W / 52.417; -3.500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Panorama av Snowdon-massivet med Snowdon (til høgre for midten) frå Mynydd Mawr. Glyderau er synleg i det fjerne.

Cambrian Mountains (walisisk Mynyddoedd Cambria eller berre Elenydd) er eit fjellområde i Wales, som strekker seg frå og med South Wales-fjella i Brecon Beacons, nordlege delar av Carmarthenshire og Ceredigion, Black Mountains aust i Wales til Snowdonia i North Wales. Fjella strekkjer seg opp mot 900 meter i Snowdonia, medan dei sørlege fjella er noko lågare. Dei omfattar vulkanske bergartar i Snowdonia, medan dei sørlege fjella hovudsakleg består av sedimentære bergartar, som raud sandstein og kalkstein. Alle fjella er populære turområde.

Den høgaste toppen er Aran Mawddwy på 905 moh.

Sidan dei vender mot dei rådande vestlege luftstraumane frå Atlanterhavet, får dei ein god del nedbør og er opphav til mange elvar, mellom anna Severn som er den største av desse.

Llyn y Fan Fawr i Black Mountain, eit av dei mindre vitja områda i nasjonalparken

Dei største fjella i Cambrian Mountains[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

52°25′N 3°30′W / 52.417°N 3.500°W / 52.417; -3.500