Camilla Collett
Camilla Collett (fødd Camilla Wergeland, 23. januar 1813–6. mars 1895) var ein norsk forfattar og kvinnesakskjempar, fødd Wergeland. Ho var dotter til Nicolai Wergeland og syster til Henrik Wergeland.
Ho er spesielt kjend for gjennombrotsboka Amtmandens Døttre som kom ut i to delar i 1854 og 1855. Dette var den første realistiske tendensroman i norsk litteratur. Dette vart óg den einaste romanen Camilla Collett skreiv. Første delen av boka vart gjeven ut anonymt, men den vart snart allment kjend som hennar verk. Ho har og skrive noveller.
Innhaldsliste |
[endre] Liv
Camilla Wergeland var fødd i Kristiansand men voks opp på Eidsvoll, der faren var prest. Minneboka hennar I de lange Nætter skildrar livet i prestegarden, med levande portrett mellom anna av broren Henrik og av foreldra Nicolai Wergeland og Alette Dorothea Wergeland.
I ettertida er Collett kjend for avstandstilhøvet mellom henne og Johan Sebastian Welhaven, som var svært problematisk fordi han var ein motstandar og av broren Henrik Wergeland, som ho stod nær. Dei to vart først merksame på kvarandre i 1830, og avslutta tilhøvet i 1837.
Camilla vart gift med politikar, litteraturkritikar, jurist og professor Peter Jonas Collett i 1841. Han døydde i 1851. Enkepensjonen var beskjeden og ho sat att med fire små søner. Ho måtte selje huset og greidde aldri å skape ein ny heim. Dei tre eldste voks opp hjå slektningar, medan den yngste var med på utallige flyttelass. Ho sleit med økonomiske problem resten av livet.
[endre] Forfattarskap
Camilla Collett har og ein stor essayistisk forfattarskap. Etter at ho var død er det kome fram ei mengd med brev og dagbøker etter henne. Dei er eineståande kjelder til å kaste ljos over Camillas eige liv og over samtida. Opptegnelser fra ungdomsårene skildrar det pinsame tilhøvet hennar til Welhaven. Det er nærast ein dokumentarroman som inneheld føresetnadene for Amtmandens Døtre.[treng kjelde]
[endre] Ettermæle
Huset der Camilla Collett budde som gift, låg attom slottet i Kristania. Gustav Vigeland sitt monument over diktaren og kvinnesakspioneren i heilfigur har fått plass i Slottsparken, vend mot Parkveien.
[endre] Bibliografi
- Amtmandens Døttre (roman) 1854–55, omarb. utg. 1860 og 1879
- Fortællinger (kortprosa) 1860
- I de lange Nætter (dagbok) 1860
- Sidste Blade I–III (artikler) 1868–73
- Fra de Stummes Leir (artikler) 1877
- Mod Strømmen I–II (artikler) 1879–85
- Skrifter I–X (samlede verker) 1892–93
- Dagbøker og breve (m/Peter Jonas Collett) 1926–34