Camille Pissarro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Camille Pissarro. Sjølvportrett, 1873.
Pisarro og kona Julie Vellay i 1877.

Camille Pissarro, Jacob Abraham Camille Pissarro, (10. juli 183013. november 1903) var ein fransk impresjonistisk kunstmålar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Camille Pissarro vart fødd i Charlotte AmalieSt. Thomas i daverande Dansk Vestindia av foreldra Abraham Gabriel Pissarro, ein sefardisk jøde frå Frankrike, og Rachel Manzano-Pomié, frå Den dominikanske republikken. Pissarro budde på St. Thomas til han var tolv år gammal, da han vart sendt til ein kostskule i Paris. Han vende attende til St. Thomas for å få opplæring i forretninga åt faren. Under denne tida brukte han all fritida til teikning. I 1852 reiste han til Venezuela saman med den danske kunstnaren Fritz Melbye. I 1855 flytte han til Paris, der han studerte med den franske landskapsmålaren Camille Corot.

Camille Pissarro døydde i Éragny-sur-Epte den i 1903 og vart gravlagd på Père Lachaise-gravlunden i Paris.

«Hagen i Pontoise», måla av Pissarro i 1877.

Kunst[endre | endre wikiteksten]

Pissarro kom til å bli kjend som «impresjonismens far». Han måla bilete med fransk tematikk — særleg landskapsbilete, bilete av gardsarbeidarar og scener frå Montmartre. Han reiste så til Paris att for å undervise, og blant studentane hans kan nemnast Paul Cezanne og Paul Gauguin.

I mars 1893 sette parisgalleriet Durand-Ruel opp ei større utstilling med 46 av kunstverka åt Pissarro saman med 55 kunstverk av Antonio de La Gandara. Men medan kritikarane priste Gandara var dei tydeleg mindre entusiastiske over Pissarro sin kunst.

I levetida si selde Pissarro berre nokre få av bileta sine. I ettertida har livsverket hans vorte sett mykje høgare, og føre 2005 har pissarrobilete vortne selde for kring 4 millionar amerikanske dollar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Camille Pissarro