Camille d’Hostun, duc de Tallard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Camille d'Hostun de la Baume, Duc de Tallard (1652–1728)

Camille d'Hostun de la Baume, duc de Tallard (14. februar 165220. mars  1728) var ein fransk adeleg, diplomat og kommandant, som vart fransk marskalk.

Militærkarriere[endre | endre wikiteksten]

Tallard gjekk inn i den franske armeen 15 år gammal.[1] Han tente seinare under prince de Condé i Nederlanda, og frå 1674, under Turenne i Alsace. Han vart forfremma til maréchal de camp i 1678, og tente i niårskrigen (1688–1697).

Venskapen hans med kong Ludvig XIV sikra han maktstillingar.[1] Etter krigen tente han to år som ambassadør i hogget i St. James's, der han med stor kunnskap om europeisk politikk viste seg å vere særs nyttefull.[2]kong Jakob II døydde i september 1701, anerkjende kong Ludvig sonen til Jakob som etterfølgjaren hans til trona i England. Kong Vilhelm III kasta derfor Tallard ut av London i 1702.[1]

Militærkarrieren til Tallard nådde høgdepunktet under den spanske arvefølgjekrigen. Den 7. september 1703 tok duc de Burgundy og Tallard byen Breisach. Tallard tok seinare Landau midtvegs ut i oktober.[3] Ein styrke under fyrsten av Hessen-Kassel vart så slått av styrken til Tallard i slaget ved Speyerbach den 15. november.[4] Som følgje av dette fall Landau to dagar seinare. Kort tid etter vart Tallard marskalk av Frankrike.[1]

I 1704 vart Tallard sendt for å forsterke den fransk-bayerske armeen til Maximilian II Emanuel og marskalk Marsin ved Donau, som var truga av den allierte armeen til hertugen av Marlborough og prins Eugene. Tallard sette ut den 1. juli frå Strasbourg, men sjølv om den seks dagar lange kringsetjinga av Villingen vart avslutta (den 22. juli) klarte den franske marskalken å føre 34 000 mann gjennom Schwarzwald og nådde Ulm den 5. august.[5]

Tallard fekk den øvste kommandoen over den samle fransk-bayerske armeen, men det påfølgjande slaget ved Blenheim den 13. august 1704, førte til at styrkane hans vart totalt utsletta. Han vart teken til fange og ført til England, der han og sett i husarrest i Nottingham.[1] Forfattaren Daniel Defoe skreiv at det vesle, vakre blomsterbedet, etter fransk mote var praktgjenstandane i Nottingham.[6]

Seinare liv[endre | endre wikiteksten]

Han reiste attende til Frankrike i 1711.[7] Trass i katastrofen i Blenheim, bar ikkje Ludvig nag mot marskalken.[1] Tallard vart gjort til hertug i 1712 og vart adeleg i 1715. I testamentet til Ludvig XIV vart Tallard utpeikt til kongerådet, men duc d'Orléans fekk testamentet annullert. Han vart valt til president i Académie des Sciences i 1724 og i 1726 vart han fransk minister. Han døydde i 1728.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Falkner: Blenheim 1704: Marlborough's Greatest Victory, s. 104
  2. Churchill: Marlborough: His Life and Times, s. 426
  3. Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 285
  4. Also spelled Spire, Speyer, Spirbach or Speyerbach.
  5. Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 136
  6. http://www.visionofbritain.org.uk/text/chap_page.jsp?t_id=Defoe&c_id=29&cpub_id=0 A tour thro' the whole island of Storbritannia: Letter 8, Part 1 (The Trent Valley)
  7. Tincey: Blenheim 1704:The Duke of Marlborough's Masterpiece, s. 88