Camilo José Cela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Camilo José Cela

Statsborgarskap Spania
Fødd 11. mai 1916
Iria Flavia
Død

17. januar 2002 (85 år)
Madrid

Yrke skribent, lyrikar, romanforfattar, politikar, journalist, essayist, universitetslærar, filmskodespelar
Språk spansk
Medlem av Collège de ’Pataphysique, Real Academia Española, Royal Galician Academy
Far Camilo Crisanto Cela y Fernández
Mor Camila Emanuela Trulock y Bertorini
Ektefelle María del Rosario Conde Picavea, Marina Concepción Castaño López
Camilo José Cela på Commons

Camilo José Cela (11. mai 191617. januar 2002) var ein spansk forfattar og nobelprisvinnar. Han var ein provoserande, produktiv skribent som gav ut både skjønnlitterære verk og sakprosa. Det mest kjende verket hans, La familia de Pascual Duarte, er det mest omsette spanske verket etter Don Quijote.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Cela var fødd i Iria Flavia i Padron-distriktet i den spanske provinsen A Coruña. Mora hans hadde britisk bakgrunn og far hans var forfattar på deltid. Cela tok til å studera juss ved universitetet i Madrid, men studia blei avbrotne av den spanske borgarkrigen, og han fullførte dei først 27 år gammal.

Ulikt mange andre kjende forfattarar, som Lorca, Orwell og Hemingway, kjempa Cela for regjeringgstyrkene til Franco. I tida si som korporal såg Cela mykje gru og blei sjølv såra. Etter krigen arbeidde han ei tid for den spanske sensuren, men kom òg til sjølv å bli utsett for han.

Cela gifta seg med María del Rosario Conde Picavea i 1944, og dei fekk ein son saman. Ekteparet budde stort sett i Madrid før dei flytta til Mallorca i 1954. Her starta Cela det anti-fascistiske litteraturtidsskriftet Papeles de son armadans. Han blei medlem av det spanske akademiet i 1957, og utnemnd til senator i 1977.

Han blei tildelt Nobelprisen i litteratur for 1989. Ekteskapet hans braut saman same året, etter at forfattaren møtte den mykje yngre Marina Castaño som han meinte var ei muse, ein guddommeleg inspirasjonskjelde, for han. Dei to gifta seg i 1991.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Vald og samfunnskritikk[endre | endre wikiteksten]

Debuten som forfattar kom i 1942, med den grufulle og valdelege forteljinga La familia de Pascual Duarte. Boka blei stoppa av den spanske sensuren, og Cela unngjekk truleg fengsling på grunn av si falangistfortid. Boka blei endeleg tillaten i Spania i 1946. Også La colmena frå 1951, som skildrar fleire hundre menneske i dagane etter at borgarkrigen tok slutt, blei forboden, men utgjeven i Latin-Amerika. Boka blei smuglesen i Spania fram til ho blei tilleten i 1963.

Begge desse romanane innleia den samfunnskritiske litteraturen, som skulle veksa fram i Spania på 1950-talet. Skrivestilen hadde òg stor innverknad på andre forfattarar. Pascual Duarte er ein oppdikta sjølvbiografi med trekk frå den pikareske renessanselitteraturen. Forteljinga er dyster og fylt av desperasjon i ein stil som er blitt kalla tremendismo. Den filmmontasjeaktige La colmena starta ei ny rørsle, objectivismo, der ein forfattar prøvde å skildra verda så røynslenært som mogleg.

Cela eksperimenterte stadig med romansjangeren. Ein ny skrivemåte som ikkje slo så godt an var Oficio de Tinieblas frå 1973, ein slags antiroman sett saman av eit tusental korte avsnitt og fragment utan noko form for punktuering, som mangla både hovudperson og noka klår handling.

Forbodne ord[endre | endre wikiteksten]

Frå 1950-åra til 1974 gav Cela ut fleirbindsverket Diccionario secreto, den hemmelege ordboka, der han samla fargerike ord og uttrykk som var velkjende, men som ein likevel aldri kunne sjå på prent.

Også romanen San Camilo frå 1969 er prega av sterkt språk og kjønnsdrift. I denne romanen, som blir kalla Cela sitt bitre meisterverk, manglar mest alle moral. I Mazurca para dos muertes frå 1983, med handling frå borgarkrigsåra, finn ein lova og moralen i samfunnet berre att i blodhemnen.

Diverse verk[endre | endre wikiteksten]

Cela prøvde seg fram innan romanforma, men forfattarskapet hans var òg innom ei rekke andre litteratursjangrar. I tillegg til ordbokprosjektet sitt gav han òg ut reiseskildringar, opera, essay og mange stykke som ikkje kan kategoriserast.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

  • La familia de Pascual Duarte, 1942, norsk Pascual Duartes familie, 1978
  • Pabellón de reposo, 1943
  • Nuevas andanzas y desventuras de Lazarillo de Tormes, 1944
  • Viaje a la Alcarria, 1948
  • La Colmena, 1953, norsk Bikuben, 1993
  • Mrs. Caldwell habla con su hijo, 1952
  • La catira, 1955
  • Tobogán de hambrientos, 1962
  • Izas, rabizas y colipoterras, 1964
  • Diccionario secreto, 1968 (I) 1971 (II)
  • San Camilo 1969
  • Oficio de tinieblas 5 1973
  • Mazurca para dos muertos, 1983, norsk Masurka for to døde, 1989
  • Nuevo viaje a la Alcarria, 1996
  • Cristo versus Arizona, 1988