Camp Century

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 77°10′N 61°08′W

Planløysinga til Camp Century

Camp Century er ein tidlegare geofysisk stasjon på innlandsisen på Grønland, kring 120 km austom Thule. Stasjonen vart oppretta i 1959, i utgangspunktet som ein amerikansk militærbase, og var den første basen for overvintring på innlandsisen på Grønland.

Han er mest kjent som geofysisk stasjon, der dei første djupe kjerneboringane gjennom innlandsisen vart gjort i perioden 1963–66. For første gongen lukkast det å bore heilt ned til botnen av innlandsisen, som her var 1390 meter tjukk. Dette var ein eineståande ingeniørmessig prestasjon; tidlegare hadde det berre lukkast å bore ein kjerne på 70 m i Antarktis. Borekjernen gav grunnlag for klimastudiar og rekonstruksjon av klima i tidlegare tider ved hjelp av iskjerneanalysar frå seinare boringar på Grønland og i Antarktis. Ved hjelp av oksygenisotopanalysar av borekjernen fekk ein forholdsvis sikre informasjonar om temperaturvariasjonar i lufta gjennom dei siste 100 000 åra.

Prosjekt Iceworm[endre | endre wikiteksten]

Prosjekt Iceworm var kodenamnet på eit topphemmeleg prosjekt for US Army under den kalde krigen for å byggje eit nettverk av mobile atombomemissilar under innlandsisen på Grønland. Det ultimate målet var å plassere mellomdistansemissil under isen, nær nok Moskva til å kunne nå mål i Sovjetunionen. Prosjektet vart halde skjult for danske styresmakter. For å studere om det var mogeleg å arbeide under isen, vart eit offentleg «dekkprosjekt» kalla Camp Century. Usikre istilhøve under innlandsisen gjorde at prosjektet vart skrinlagd i 1966.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]