Campanula glomerata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Toppklokke


Toppklokke
Toppklokke

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Asterales
Familie: Campanulaceae
Slekt: Campanula
Art: C. glomerata
Vitskapleg namn
Campanula glomerata

Toppklokke (latin: Campanula glomerata) er ei fleirarig blomsterplante som høyrer til i klokkeslekta i klokkefamilien.

Toppklokke er ein staude med opprett vekst. Stenglene er raudlege, firkanta i tverrsnitt og lett håra. Blada er sittande oppetter stengelen. Dei sit spreidd og er smalt eggforma til lansettforma med grovt takka rand. Oversid er grasgrøn og ru av nedsenka bladribber, medan undersida er gråkvit på grunn av eit tett hårlag. Blomstringa finn stad i juni-september der ein finn endestilte blomstandar eller blomsterklasar og nokre få akselstilte blomsterstandar i bladhjørna oppetter stilken med nokre få blomstrar i kvar. Dei einskilde blomstrane er 20-25 mm lange og er regelmessige og klokkeforma, samanvokste nedantil og med ein krage av utoverbøyde spisser. Kronblada er blåviolette. Begerflikane er spisse. Frukta er kapslar med mange frø. Rotnettet består av ein kort jordstengel og trevla røter. Planta er fleirårig, særs hardfør og blir mellom 15-100 cm høg. Blomstringa finn stad i juni-september.

Toppklokke høyrer til dei klassiske bondehageplantene og den var mykje populær som prydplante i gamle dagar. Toppklokke kan bli særs gammal som hageplante og den klarar seg lenge på same stad utan stell. Den trivst på frisk, veldrenert jord eller i bakkar og skrentar, eng, skogsbryn og i veggrøfter.

Planta sett frå sida.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Toppklokke veks naturleg i Norden, i store delar av det sørlege Finland og i det austlege Sverige frå om lag Sundsvall til Linköping. Det er òg spreidde forekomstar sør og vest i Sverige. I Danmark veks den berre i større bestandar på Sjælland og Lolland.

Arten kom til Noreg på 1860-talet, då den vart distribuert frå Botanisk hage i København. Den er kjent i 15 av Agder sine 30 kommuner og finnast heilt opp til Bjåen i Bykle på 920 moh. Arten kjem opphavleg frå Europa og Asia.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kultivarar og variantar[endre | endre wikiteksten]

Campanula glomerata har mange kultivarar med ulike farger slik som 'Superba', 'Bellefleur', and 'Acaulis'. Den følgande ukomplette lista syner nokre av variantane med synonym.

Ein variant av arten er ulltoppklokke (Campanula glomerata ssp farinosa). Den kan skillast frå toppklokke ved at ulltoppklokke har tettare bladvekst, er meir kompakt, og berre har ein blomsterklase øvst på stengelen. Toppklokke har ofte einskilde klokkeblomstrar nedover stilken i bladhjørna.

  • Campanula glomerata ssp superba
  • Campanula glomerata subsp. aggregata (Willd.) Kirschleger (1851) (synonym = C. glomerata subsp. glomerata)
  • Campanula glomerata subsp. cervicarioides (R. & S) P.Fourn.
  • Campanula glomerata subsp. congesta (Roemer & Schultes) Schubler & Martens (1834) ( synonym = C. glomerata subsp. glomerata)
  • Campanula glomerata subsp. elliptica (Kit.) O.Schwarz
  • Campanula glomerata subsp. farinosa - Ulltoppklokke (Rochel) Kirschleger (1851)
  • Campanula glomerata subsp. glomerata - Engtoppklokke
  • Campanula glomerata subsp. serotina (Wettst.) O.Schwarz
  • Campanula glomerata subsp. speciosa Kirschleger (1851)
  • Campanula glomerata ssp superba - Prakttoppklokke
  • Campanula glomerata var. aggregata (Willd.) Koch (1846) (synonym = C. glomerata subsp. glomerata)
  • Campanula glomerata var. congesta (Roemer & Schultes) Rouy (1908) (synonym = C. glomerata subsp. glomerata)
  • Campanula glomerata var. farinosa (Andrz.) Koch (1846) (synonym = C. glomerata subsp. farinosa

Synonym[endre | endre wikiteksten]

  • Campanula aggregata Willd. ex Schlecht. (1813) (synonym = C. glomerata subsp. glomerata)
  • Campanula cervicarioides Schultes in Roemer & Schultes (1819) (synonym = C. glomerata subsp. cervicarioide)
  • Campanula congesta Schultes in Roemer & Schultes (1819) (synonym = C. glomerata subsp. glomerata)
  • Campanula farinosa Andrz. in Besser (1821) ( synonym = C. glomerata subsp. farinosa)
  • Campanula glaucophylla Schlosser & Vukot. (1875) (synonym = C. glomerata subsp. farinosa)
  • Campanula pusilla DC non Haenke (synonym = C. glomerata subsp. glomerata)
  • Campanula speciosa Hornem. (1815) non Pourret (1788) (synonym = C. glomerata subsp. glomerata)

References[endre | endre wikiteksten]

  • Pignatti S. - Flora d'Italia – Edagricole – 1982, Vol. II, pag. 682

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Campanula glomerata