Campo Tencia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pizzo Campo Tencia
fjell
Pizzo di Campo Tencia og Ghiacciaio del Campo Tencia
Land  Sveits
Fjellkjede Dei lepontinske Alpane
Høgd 3 072 moh.
Primærfaktor 754 m ↓  mot Basòdino
Koordinatar 46°25′46.8″N 8°43′33.8″E / 46.429667°N 8.726056°E / 46.429667; 8.726056
Førstestiging Peter Sulzer
 - dato 1867
Kart
Campo Tencia
46°25′47″N 8°43′33″E / 46.429779°N 8.725941°E / 46.429779; 8.725941
Wikimedia Commons: Pizzo Campo Tencia

Pizzo di Campo Tencia er eit fjell i Lepontin-Alpane i kantonen Ticino i Sveits. Fjellet ligg mellom dalane Leventina og Valle Maggia. Med ei høgd på 3 071 m er fjellet det høgste som ligg inne kantonen Ticino, men det er høgre toppar på kantonsgrensa i Adula-Alpane og Monte Basòdino. Campo Tencia er òg namnet på isbreen som strekker i nordaustleg og nordleg retning frå fjlltoppen.

Nordnordaust for Pizzo di Campo Tencia ligg fjellhytta Capanna Campo Tencia på 2 140 meter over havet. Ho vart reist i 1912 og var den fyrste overnattingshytta som Ticino-avdelinga av Schweizer Alpen-Club bygde.

Eit klatrelag beståande av føraren Peter Sulzer, Gottlieb Samuel Studer, W. Lindt og F. Aebi var dei fyrste som kleiv til topps, 1867.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]