Campsie Fells

Koordinatar: 56°01′N 4°18′W / 56.017°N 4.300°W / 56.017; -4.300
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Campsie Fells
ås
Land  Skottland
Del av Dei skotske låglanda
Kart
Campsie Fells
56°01′00″N 4°18′00″W / 56.016666666667°N 4.3°W / 56.016666666667; -4.3
Wikimedia Commons: Campsie Fells

Campsie Fells er ei rekkje åsar i det sentrale Skottland som strekkjer seg frå aust til vest frå Denny Muir til Dumgoyne, i Stirlingshire. Dei sørlegaste delane av åsane strekkjer seg inn i East Dunbartonshire. Det høgaste punktet i åsane er Earl's Seat som er 578 meter over havet. Åsane ligg oppfor landsbyane Strathblane, Blanefield og Lennoxtown i sør, Killearn i vest og Fintry i nord. Fintry Hills ligg lenger nord, Kilpatrick Hills ligg i vest og Kilsyth Hills i aust.

Namnet kjem frå ein av åsane i rekkja, Campsie. Elva Carron spring ut i Campsies.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

56°01′N 4°18′W / 56.017°N 4.300°W / 56.017; -4.300