Can’t You Hear Me Knocking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Can’t You Hear Me Knocking» er ein song av det britiske rockebandet The Rolling Stones på albumet Sticky Fingers frå 1971.

Songen er over sju minuttar lang og startar med ein gitarintroduksjon som både Keith Richards og Mick Taylor medverka til og som utvikla seg til rytmegitarriffet som Richards spelar. Mick Jagger har som vanleg vokalen. Eit instrumentalt parti startar rundt 2:43 med Rocky Dijon på congatrommer og Bobby Keys på saksofon, som har ein lengre saksofonsolo over gitarane til Richards og Taylor. Taylor tar så over frå Keys og fører songen mot slutten med ein lang gitarsolo.[1]

Konsertutgåver av songen er gjeven ut på DVD-utgåva av Four Flicks og konsertalbum Live Licks (2004).

Ei nedkorta studioutgåve (utan saksofonsoloen) er med i dataspelet Guitar Hero II.

I 2004 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone songen på 25. plass på lista deira over dei 100 største gitarsongane gjennom tidene.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ian McPherson. Track Talk: Can't You Hear Me Knocking.