Canaletto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Canaletto

Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd 7. oktober 1697, 17. oktober 1697, 18. oktober 1697, 1697
Venezia
Død

19. april 1758, 10. april 1768, 19. april 1768, 20. april 1768, 1768 (60 år)
Venezia

Yrke kunstmålar, raderer, grafikar, bygningstegner
Sjanger vedutamaleri, landskapsmåleri
Far Bernardo Canal
Canaletto på Commons

Giovanni Antonio Canal, betre kjend som Canaletto, (28. oktober 169719. april 1768) var ein venetiansk målar. Han er særleg kjend for sine prospekt, også kalla vedutaer, frå Venezia, og var elles ein flink raderar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Markusplassen, før 1723
Bucintoro legg til kai på helgetorsdag, ca. 1732
Den indre delen av Canal Grande med San Simeone Piccolo

Målaren Bernardo Canal var far hans, derav kallenamnet Canaletto («Vesle-Canal»). Canaletto gjekk i målarlære hos faren og ein bror, og byrja hos faren som scenemålar. Ei vende var han i Roma, der han vart inspirert av vedutisten Giovanni Paolo Pannini og tok til å måle dagleglivet i byen.

Etter å ha kome tilbake frå Roma i 1719, byrja han å måle i sin augkjende, topografiske stil. Hans fyrste kjende signerte og daterte arbeid er Arkitektonisk Capriccio frå 1723. Etter å ha byrja å studere hos den eldre Luca Carlevaris, ein mindre talentfull målar av bylandskap, vart han snøgt sin læremeisters likemann.

Bileta hans er alltid merkeleg nøyaktige; han skildra mellom anna dei årleg tilbakevendande vanskane med flaumar og is i lagunen. Mange av Canalettos tidlege måleri vart måla «etter naturen», i motsetning til den vanlege praksisen med å gjere bileta ferdige i verkstaden. I nokre av sine seinare arbeid gjekk han elles tilbake til den vanlege brukvisa.

Dei tidlege verka til Canaletto er dei mest ynda, og er i fylgje mange ekspertar hans beste. Eitt av hans finaste, tidlege arbeid er Steinhoggar-plassen frå 1729, som skildrar ein arbeidsplass i byen.

Seinare vart Canaletto kjend for storslåtte scener med kanalar og Dogepalasset i Venezia. Dei storskala byprospekta hans portretterte rikmannslivet i byen og dei pretensiøse tradisjonane i samfunnet. Han tok der i bruk atmosfæriske, sterke lokalfargar, kvalitetar som føregrip impresjonismen.

Mange av bileta hans vart selde til engelskmenn på Grand Tour-reiser. Handelsmannen Joseph Smith, som frå 1744 var britisk konsul i Venezia, var då ofte salsagent. Smith hadde handla for Canaletto, først ved å bestille bileta frå Venezia i 1720-åra, og sidan ved å hjelpe han i Venezia med sal av måleri til gjestande englendarar.

Marknaden for Canaletto sine bilete vart i 1740-åra råka av Den austerrikske arvefølgjekrigen, då talet på engelske turistar i Venezia gjekk kraftig ned. Smith sørgde også for ei utgjeving av ein serie raderingar av capriccioar (arkitektoniske fantasiar) og hans vedutaer. Canaletto var misnøgd med fortenesta, så i 1746 flytta han til London for å vere nærare på marknaden sin. Han vart verande i England til 1755 og måla prospekt av London, og av palea og husa til kundane. Hans måleri frå 1754 av Old Walton Bridge viser Canaletto på det beste. Men hans ry som målar var for nedgåande, og han måtte sågar demonstrere offentleg sine kvalitetar som målar.

Vel heimkonen i Venezia vart Canaletto i 1763 vald inn i det venetianske akademiet. Han heldt fram med å måle til han døydde i 1768. I sine seinare år arbeidde han ofte utfrå gamle skisser, men han laga også nye komposisjonar. Av kustnariske grunnar laga han då små og subtile endringar i topografien.

Canaletto sine prospekt gjekk alltid unna til høge prisar på marknaden. Katarina den store ]og andre europeiske monarkar baud på dei mest storfelte verka hans.

Mellom elevane hans finn ein nevøen Bernardo Bellotto og Francesco Guardi, Michele Marieschi, Gabriele Bella og Giuseppe Moretti.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Canaletto