Cand.mag.
Candidatus magisterii, eller candidata magisterii for kvinner, forkorta cand.mag. og også kalla skuleembetseksamen, har vore ei akademisk grad i Noreg og Danmark. Som følgje av Bologna-prosessen og Kvalitetsreforma blir den ikkje gitt lenger i Noreg. Grada kvalifiserte i begge land til adjunktstilling i skuleverket. I Noreg blei det i tillegg kravd praktisk-pedagogisk utdanning.
[endre] Historikk
Grada candidatus magisterii blei oppretta ved Københavns Universitet i 1883, og då kalla skoleembedseksamen, etter som den var ein føresetnad for tilsetting i latinskulen og avløysaren til latinskulen, gymnaset.
I Noreg blei grada, etter dansk mønster, innført i 1959, då den erstatta den tidlegare adjunkteksamenen frå 1920 ved historisk-filosofisk og matematisk-naturvitskapleg embetseksamen. I 1966 blei grada også innført ved samfunnsvitskapleg embedseksamen. I 1963 innførte Universitetet i Oslo i tillegg ei interfakultær cand.mag.-grad, og i 1981 blei det innført ei nasjonal eller regional cand.mag.-grad som kunne tildelast av regionale høgskular.
I Noreg blei cand.mag.-grada oppnådd ved bestått eksamen etter mellom 3,5 og 4,5 års studiar ved universitet og høgskular. Bestått ex. phil. var obligatorisk før ein kunne motta ei cand.mag.-grad. I humaniora og samfunnsvitskap tok ein ei cand.mag.-grad før ein gjekk vidare til hovudfag, som var berekna til to års ytterlegare studiar. Frå studieåret 2003–2004 er cand.mag.-grada erstatta av bachelor-grada.
I Danmark utgjorde grada tradisjonelt normalt 5,5 års studiar. Etter gjennomføringa av Bologna-prosessen blei cand.mag. ei femårig grad, som blir omsett til engelsk som Master of Arts. Dei første tre studieåra fører då fram til ei bachelorgrad.
Grada cand.mag. må ikkje forvekslast med magistergrada, som i moderne tid var ei 7-årig (Noreg) eller 6-årig (Danmark) utdanning med stor vekt på den vitskapelege avhandlinga, og som var nær dagens ph.d..