Cand.polit.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Cand.polit)
Gå til: navigering, søk

Cand.polit. er den latinske nemninga på ein samfunnsvitskapleg embetseksamen av høgare grad som fram til vårsemesteret 2007 vart tildelt ved norske universitet, og som no er erstatta med mastergraden. Cand.polit. er ei forkorting, og heile namnet er candidata rerum politicarum for kvinner, og candidatus rerum politicarum for menn.

Graden vart oppnådd på grunnlag av eksamenar som omfatta ei normert studietid på minst tolv semester. Han bygde på cand.mag.-graden eller tilsvarande utdanning med tillegg av hovudfagseksamen i eit samfunnsvitskapeleg fag.