Canna i Skottland

Koordinatar: 57°04′N 6°33′W / 57.06°N 6.55°W / 57.06; -6.55
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Canna
Geografi
Canna i Skottland is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°04′N 6°33′W / 57.06°N 6.55°W / 57.06; -6.55
Øygruppe Small Isles i Indre Hebridane

Areal 11,30 km²

Høgaste punkt Càrn a' Ghaill (210 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Highland

Demografi
Folketal 6 (2001)

Canna (skotsk-gælisk Canaigh; Eilean Chanaigh, kanskje av norrønt Kné-ey) er den vestlegaste av Small Isles i Indre Hebridane i Skottland. Ho har samband til naboøya Sanday via ein veg og sandbankar som kjem til syne ved lågvatn. Øya er 7 km lang og 1,5 km brei. Dei isolerte skjera Hyskeir og Humla ligg 10 km sørvest for øya.[1]

Øya vart overlaten til National Trust for Scotland (NTS) av den tidlegare eigaren, John Lorne Campbell, i 1981 og vert driven som ein gard og bevaringsområde. Canna House, eit av to store hus på øya (det andre er Tighard), inneheld viktige gæliske arkiv frå John Campbell, som vart donerte i lag med øya til NTS.[1] Enkja til Campbell budde på Canna til ho døydde i 2004, 101 år gammal.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Utsikt frå Garrisdale Point vest på Canna mot dei Ytre Hebridane.
Foto: Peter Van den Bossche
Klippa Dùn Mòr
Foto: Peter Van den Bossche

Øya er landfast med den mindre naboøya Sanday med bru og over sandbankar ved lågvatn. Canna er om lag 7 km lang og 1,5 km breid, og har eit areal på 11,48 km2 (13,51 km² med Sanday).[3] Øya er med det den tredje største av øyane i Small Isles, og den 46 største øya i Skottland.

Det høgaste punktet på øya er Càrn a' Ghaill aust på øya som er 210 meter over havet, på vestsida ligg Ceann Creag-airige som er 149 moh. Midt på øya er det ein grunn dal tvers over øya. Med unntak av sørsida er kysten av Canna bratt med mange klipper, òg frittståande staurar heilt eller delvis omgjevne av sjøvatn. Kjende staurar er Dùn Beag og Dùn Mòr, og Compass Hill lengst aust på øya. Compass Hill har namnet sitt fordi han er danna av tuff med så høgt jerninnhald at det kan påverka kompassa i skip som seglar forbi.[1] Berggrunnen på øya er i hovudsak basaltisk lavastein.[4]

Sør for øya, mellom Canna og Hyskeir, ligg skjera Humla og An-Stèid.

Lokalsamfunn og busetnad[endre | endre wikiteksten]

Harbour View Tea Room i A' Chill.
Foto: Peter Van den Bossche
Den presbyterianske kyrkja, på folkemunne kjent som «Rocket Church» (rakettkyrkja).
Foto: Lisa Jarvis

Busetnaden på Canna er konsentrert rundt landsbyen A' Chill søraust på øya, der landsambandet til Sanday er. I alle praktiske tilhøve er Canna og Sanday eitt lokalsamfunn, og folketalet for Canna inkluderer normalt òg husstandane på Sanday. Ved folketeljinga i 1991 vart sandaybuarane òg offisielt oppført som heimehøyrande på Canna (20 innbyggjarar i 6 husstandar), medan det i 1981 og 2001 vart skilt mellom dei to øyane. Ved siste offisielle folketeljing i 2001 hadde øya eit folketal på 6 (12 med Sanday).[3] I 2006 hadde dei to øyane ein samla folkesetnad på 16.[5] I 2008 var folketalet oppe i 24.

Folkeveksten dei siste åra skuldast ein kampanje frå NTS for å bevare busetnad og levande lokalmiljø på Canna og Sanday. I oktober 2006 gjekk NTS ut i media og søkte etter familiar som kunne tenke seg å busette seg på øya.[6][7] Det var ei global annonsering som fekk stor merksemd og respons. Det kom svar over 400 svar på utlysinga, frå så forskjellege plassar som Sverige, Tyskland, India og Dubai.[8][9] To familiar vart valde ut, den første kom til Canna sommaren 2007 og den andre i byrjinga av 2008.

Den gamle gangbrua som vart øydelagd av uvêr. Den nye brua er midt på panoramabiletet nedanfor.
Foto: Peter Van den Bossche

Det er rundt 20 bygningar i alt på øyane. Skulen ligg på Sanday, og elevtalet er tredobla dei siste tre åra (frå ein til tre). Folkesetnaden på Canna har tradisjonelt vore katolske. Kyrkja som vert brukt av øybuarane ligg på Canna. Denne kyrkja er frå rundt 1770 og vert kalla Cill Chaluim-chille (Columba-kapellet). Det er òg to andre kyrkjer på øyane. St. Columbas presbyterianske kyrkje vart bygd på Canna i 1913 av den dåverande eigaren av øya, Alan Thom. Ho er sjeldan i bruk i dag.[10] Eaglais naoimh eamoin (St. Edwards kyrkje) ligg på Sanday. Ho vart bygd i 1889.[11] Denne kyrkja vart avvigsla i 1963, og er no gjort om til eit studiesenter for gæliske språk. Senteret vart opna 5. juni 2001 av Prinsesse Anne av Storbritannia.[12]

Det er ein liten kafé («Harbour View Tea Room») på øya. Det er òg eit knøttlite postkontor og ein raud telefonkiosk. Øya har ikkje eigen butikk. Den gamle gangbrua av tre mellom Canna og Sanday vart øydelagd av uvêr i januar 2005.[13] Ei ny køyrebru mellom øyane stod ferdig i 2006.[14] Det er dagleg ferjesamband med Mallaig på fastlandet, ferja går òg innom dei andre busette øyane i Small Isles, Eigg, Muck og Rùm. I 2005 vart det òg bygt ein kai som gjer det enklare å få køyretøy på land. Ferja kan ta bilar i tillegg til passasjerar, men vitjande får likevel ikkje lov til å ta med bil utan spesiell løyve frå NTS.[13]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Canna har vore busett sidan yngre steinalder, og det er fleire gamle fornminne på øya.

Restar av eit gammalt nonnekloster sør på øya.
Foto: Peter Van den Bossche

Det var eit gammalt nonnekloster på øya som ifølgje tradisjonen vart grunnlagt av Columba av Iona. Dette skal ha vore eit av dei første slike klostera innanfor grensene av dagens Skottland. Klosteret vart forlate på 800-talet på grunn av herjingane til vikingane, men kom i drift att ein gong etter år 1000 og var i drift til 1400-talet. I dag er berre ruinane av grunnmurene igjen. Desse er framleis synlege der nonneklosteret låg sør på øya. Øya var formelt sett eigd av klosteret på Iona fram til 1627.[15]

Uamh Rìgh Lochlainn
Foto: Peter Van den Bossche

På øya finst ei mellomaldergrav, som i følgje lokale segner høyrte til ein vikingkonge. Grava er kjent som Uamh Rìgh Lochlainn, 'grava til kongen av Noreg'. Det er sikkert at ingen konge med herredøme over Noreg kan vere gravlagt på Canna, men sidan det er ei grav (det har ikkje vore gjort arkeologiske undersøkingar) kan ho likevel ha høyrt til ein norrøn eller norrøn-gælisk stormann.

I likskap med dei andre øyane i Hebridane kom Canna under norsk suverenitet frå 1100-talet. Frå 1300-talet vart det norske styret erstatta av «the Lordship of the Isles», og Canna vart del av territoriet til klanen Clanranald, ei grein av klan MacDonald som styrte heile området. Det var ofte feider og stridar mellom klanane, i samband med ein slik feide vart øya herja av klan MacLean i 1588.

Borga An Coroghon.
Foto: Peter Van den Bossche

Aust på Canna ligg ruinane av ei mindre borg frå 1600-talet, kjent som An Coroghon (Coroghon Castle). Ho ligg på toppen av den ca. 30 meter høge og bratte klippa Dùn Mòr, nord for ferjeleiet i A' Chill. Klippa har flat topp, og er omgjeve av vatn på tre sider, og knytt til land over ein smal rygg. Borga vart skildra i 1772 som «...ei høg slank klippe, som stupar ned i sjøen: på den eine sida eit lite tårn, særs høgt over oss, tilgjengeleg berre langs ein smal og forferdeleg sti: det virkar så lite at det kan knapt vere i stand til å romme eit halvt dusin menneske.»[16]

Ved byrjinga av 1800-talet var Clanranald i økonomiske problem, og selde det meste av jorda dei hadde kontrollert, inkludert Canna. Øya hadde på det tidspunkt det høgaste folketalet nokon gong, med over 400 menneske. Ein heil liten industri med dyrking og brenning av tare for framstilling av soda hadde på det tidspunktet vokse fram.

Canna House, heimen til ekteparet Campbell som i dag husar ei samling av gæliske songar og dikt.
Foto: Peter Van den Bossche

Bortgangen frå det gamle klansystemet og nye dei nye eigarane sin søken etter profitt førte til at øybuarane som leigde jord på Canna, i likskap med i områda rundt, vart utsett for fleire tildels brutale tvangsflyttingar og utkastingar. Desse prosessane er kjent som «the Higland Clearance». Kombinert med uår og nedgang i tareindustrien førte dette til at folketalet sokk dramatisk. Mange emigrerte til Canada og USA, eller flytta til dårlegare gardar på Sanday.

I 1936 vart øya kjøpt av den skotske folkloristen John Lorne Campbell og kon hans Margareth Fay Shaw Campbell. Campbell var ein ivrig samlar av songar og dikt frå den skotskgæliskee tradisjonen, og heimen deira Canna House husar i dag ei stor samling av tekstar og lydopptak samla av Campbell. Han var òg utdanna innan jordbruk, og vektla ei økologisk og berekraftig drift av øya. John og Margareth Campbell gav øya vederlagsfritt til stiftinga National Trust for Scotland i 1982, sidan då har stiftinga drive øya. John døydde i 1994, Margareth budde i Canna House til ho døydde i 2004, 101 år gammal.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Ei havørn vert jaga av to musvåkar. Bilete er teke på Canna i oktober 2006.
Foto: Emoscopes

Canna er kjent for det rike fuglelivet her, og har hekkekoloniar av havlire, alke og lundefugl. Det er òg musvåk og havørn på øya. Det finst òg fleire sjeldne sommarfuglarter på øya, noko som vart kartlagt av John Lorne Campbell. Det er òg ein førekomst av småskogmus (Apodemus sylvaticus) på øya, ein rase som vart brakt til øya i norrøn tid. Utanfor øya er det mogeleg å sjå både gulflankedelfin og andre mindre kvalartar.

I 2005 hadde bestanden av brunrotte på øya vokse ekstremt, til 10 000 individ. Dette førte til store problem, både for innbyggjarane og ikkje minst for hekkefuglane. Det vart vurdert som naudsynt å utrydde bestanden ved hjelp av rottegift, og for at dette ikkje skulle utrydde bestanden av småskogmus vart ein forplantningsdyktig bestand på 150 skogmus fjerna frå øya av Royal Zoological Society of Scotland. Desse vart så sett ut att då ein meinte at rottene var fjerna mot slutten av 2006. Utryddinga av brunrotter hadde ein kostnad på £500 000[17][18]

Panoramabilete[endre | endre wikiteksten]

Panoramabilete frå Sanday mot Canna

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Haswell-Smith (2004) s. 143-46
  2. Road to the Isles. «Canna». Henta 11. februar 2010. 
  3. 3,0 3,1 «Number of residents and households in all inhabited islands» (PDF) (på engelsk). General Register Office for Scotland. Henta 11. februar 2010. 
  4. «Tertiary Igneous (TER-IGN)». Geological Conservation Review GCR Database. Joint Nature Conservation Committee. Henta 11. februar 2010. 
  5. Road to the Isles. «Canna». Henta 11. februar 2010. 
  6. «Canna come and live on your isle?». 13. oktober 2006. Henta 11. februar 2010. 
  7. «Wanted: classmates for islander Caroline at Britain's tiniest school». 6. november 2006. Henta 11. februar 2010. 
  8. «Families wanted for tiny island». BBC. 9. oktober 2006. Henta 11. februar 2010. 
  9. Munday, Sean (18. oktober 2006). «Isolated island's SOS for migrants a huge hit» (på engelsk). South China Morning Post. Arkivert frå originalen 26. oktober 2006. Henta 11. februar 2010. 
  10. www.canna.highland.sch.uk, arkivert frå originalen 16. oktober 2007, henta 12. februar 2010 
  11. www.canna.highland.sch.uk, arkivert frå originalen 16. oktober 2007, henta 12. februar 2010 
  12. www.hebrideantrust.org, arkivert frå originalen 19. september 2008, henta 12. februar 2010 
  13. 13,0 13,1 Terry Williams. «A Brief Glimpse of Canna». Arkivert frå originalen 1. september 2007. Henta 11. februar 2010. 
  14. West Word juni 2006
  15. www.canna.highland.sch.uk/history_of_canna, arkivert frå originalen 29. juni 2007, henta 12. februar 2010 
  16. Miers, Mary: Western Seaboard: An Illustrated Architectural Guide, Rutland Press, 2008. Sitert frå The Royal Commission on the Ancient and Historical Monuments of Scotland Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
  17. National Trust for Scotland. «Seabird Recovery Programme». Henta 12. februar 2010. 
  18. BBC News. «Rare mice returned to island home» (på engelsk). Henta 12. februar 2010. 
Bibliografi

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Canna i Skottland