Canvey Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Canvey Island
Canvey Island frå søraust
Canvey Island frå søraust
Geografi


Stad Nordsjøen
Koordinatar 51°30′58″ N 0°34′59″ EKoordinatar: 51°30′58″ N 0°34′59″ E
Areal 18,45 km²
Administrasjon
Land England
Grevskap Essex
Demografi
Folketal 37 479
Folketettleik 2031 /km²

Canvey Island er ei øy i Themsen-estuaret i Essex i England. Ho er 18,45 km² stor og har 37 479 innbyggjarar.[1]). Øya er eit eige verdsleg sokn. Mellom øya og fastlandet går eit nettverk av småelvar. Øya er gjenvunne land og ligg under havnivå. Ho er derfor utsett for flaum i periodar med særleg høg vasstand, men har likevel vore bsuett sidan romarane invaderte Storbritannia.

Øya var stort sett jordbruksland fram til 1900-talet, då ho vart den raskast veksande badestaden i Storbritannia mellom 1911-1951. Nordsjøflaumen i 1953 tok 58 menneskeliv på øya og førte til at 13 000 vart evakuerte.[2] Canvey er i dag verna av eit 24 km langt dike.[3]

Canvey er òg tilknytt petrokjemisk industri. Øya var første staden i verda som mottok LNG-gass, som vart lagra her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Canvey Island

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Office for National Statistics. (2008). Statistics: Canvey Island.
  2. Canvey Island's 13,000 refugees. (1953-02-02). The Guardian, s. 1.
  3. "Canvey Island Drainage scheme 2006". Environment agency. (May Avenue Pumping Station information board).