Canzone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Canzone eller canzona (italiensk for song) er både ei songform, ein slags instrumental chanson og ei lyrikkform som dukka opp på 1500-talet. Seinare vart det nytta om musikkstykke for eit ensemble i fleire delar eller tempo.

I italiensk musikk tidleg på 1500-talet vart canzone nytta om enkle, fleirstemmige, verdslege songar, som var forløparar for madrigalen. Seinare på 1500-talet vart canzone eller canzonetta nytta om polyfon song med musikk og tekst som hadde ein lettare tone enn madrigalane.

Den instrumentale canzonen var først baserte på fransk-flamske polyfoniske songar (chanson), og seinare vart dei komponert individuelt. Dei instrumentale canzonane, slik som dei for messinginstrument av Giovanni Gabrieli, påverka fugen og vart direkte føregjengarar for sonaten.

På 1700- og 1800-talet vart canzonen nytta om eit enklare, lyrisk musikkstykke, både vokalt og instrumentalt.

Lyrikk[endre | endre wikiteksten]

I lyrikk er canzone ei lyrisk kunstform, som opphavleg kom frå italiensk dikting. Han vart utvikla frå italiensk song i jambisk metrum. Forma er særleg kjend frå Cavalcanti, Dante og Petrarca, men er òg brukt i nyare tid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]