Cap-Haïtien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 19°45′N 72°12′W

Cap-Haïtien is located in Haiti
Cap-Haïtien avmerkt på Haiti-kartet

Cap-Haïtien (haitisk: Okap eller Kapayisyen) er ein by på nordkysten av Haiti. Byen hadde i 2005 eit estimert innbyggjartal på 134 815. Han er hovudstaden i departementet Nord. Under kolonitida heitte han «Cap-Français».

Dei sentrale delane av byen ligg mellom Cap-Haïtien-vika i aust og nærliggjande fjellsider i vest. I desse fjellsidene finn ein hovudsakleg brakkebyar. Gatene er generelt sett smale og arrangerte i rutenett.

Den vesle flyplassen rett sørvest for byen vert brukt av ein rekkje små innanriksføretak. Ei internasjonal linje flyg til Fort Lauderdale i Florida.

Den store avstanden til hovudstaden Port-au-Prince i kombinasjon med det dårlege vegnettet har ført til at Cap-Haïtien stadig har vore arnestad for opprør. I februar 2004 vart byen teken over av kuppmakarar som var imot regjeringa under president Jean-Bertrand Aristide, og opprøret førde etter ei tid til at Aristide mista makta.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]