Cape Arkona på Heardøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cape Arkona
nes
Satellittbilete av sørenden av Heardøya. Cape Arkona er på venstresida av biletet med Liedbreen like ovanom og Gotleybreen like nedanfor. Vulkanen Big Ben og Mawson Peak er på høgresida av biletet.
Land  Antarktis
Stad Heard- og McDonaldøyane
 - koordinatar 53°10′S 73°26′E / 53.167°S 73.433°E / -53.167; 73.433
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Cape Arkona på Heardøya
53°10′00″S 73°26′00″E / 53.1667°S 73.4333°E / -53.1667; 73.4333

Cape Arkona er eit klipperikt nes mellom endane av Liedbreen og Gotleybreen på sørvestsida av Heardøya i det sørlege Indiahavet. Neset vart grovt kartlagd på eit skissekart frå 1860 av kaptein H.C. Chester, ein amerikansk selfangar som opererte i området i løpet av denne perioden. Den tyske fregatten «Arkona» (kalla opp etter eit nes nord for Rügen) (kaptein von Reibnitz) utforska sørkysten av øya i februar 1874 og forklarte i Melbourne offiserane på HMS «Challenger» kvar neset låg, slik at dei teikna det ned på eit kart frå Admiralitetet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]