Cape Farewell på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For neset på Grønland, sjå Kapp Farvel
Cape Farewell
Satellittbilete av Cape Farewell og Farewell Spit.Neset ligg øverst til venstre for landtunga. Foto: NASA
Satellittbilete av Cape Farewell og Farewell Spit.
Neset ligg øverst til venstre for landtunga.

Foto: NASA

Styresmakter
Land
Region:
New Zealand New Zealand
Tasman
Geografi
Koordinatar 40°29′54″S 172°41′1″EKoordinatar: 40°29′54″S 172°41′1″E
Tidssone +12 (UTC)
Plassering
Cape Farewell på New Zealand is located in New Zealand

Cape Farewell (Kapp Farvel) er eit nesNew Zealand, og det nordlegaste punktet på Sørøya. Det ligg rett vest for Farewell Spit. Neset vart oppdaga av Abel Tasman, og gjeve namn av den britiske oppdagaren kaptein James Cook i 1770 - det var det siste dei såg av landet då dei starta reisa heim att.[1]

Cape Farewell Arch sett frå ei utsiktsplattform.
Clifftop walk, utsikt mot nordaust.

Det er eit av dei minst vitja større nesa på New Zealand, på grunn av at det ligg så avsides. «Klippetoppturen» (Clifftop walk), som tek to til tre timar kvar veg langs høgdedraga ved kysten austover, bind området saman med starten av Farewell Spit, og der er fantastisk utsikt mot Tasmanhavet på ei side, mot sanddynene i nordaust og mot dei ruvande klippene og dei berglendte landskapa langs strendene på austsida.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Neset og klippene er bygde opp av kvartssandsteinarter frå sein krittid. Erosjonen av klippene til fin sand som vert boren bort av havstraumane har danna Farewell Spit lenger aust.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]