Cape Hattersley-Smith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cape Hattersley-Smith
nes
Land  Antarktis
Stad Palmer Land
 - koordinatar 71°51′S 61°4′W / 71.850°S 61.067°W / -71.850; -61.067
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Cape Hattersley-Smith
71°51′00″S 61°04′00″W / 71.85°S 61.0667°W / -71.85; -61.0667
Cape Hattersley-Smith is located in Antarktis
Cape Hattersley-Smith (Antarktis)

Cape Hattersley-Smith er eit nes markert av ein kjegleforma topp ved søraustenden av Condor Peninsula, 5 nautiske mil sørvest for Cape KnowlesBlack Coast i Palmer Land i Antarktis. Neset vart fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service den 30. desember 1940. Det vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) – Ronne antarktiske forskingsekspedisjon frå Stonington Island i november 1947 og vart fotografert på ny av U.S. Navy i 1966. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names i 1984 etter den britiske geologen Geoffrey Francis Hattersley-Smith.

Hattersley-Smith var baseleiar for FIDS og glasiolog ved Admiralty Bay i Sør-Shetlandsøyane, 1948–49. I perioden 1951–73 var han med Defense Research Board of Canada og gjorde feltforsking i Arktis. Frå 1973 var hen med British Antarctic Survey og var sekretær for UK Antarctic Place-Names Committee, 1975–91. Hattersley-Smith skreiv òg The History of Place-names in the Falkland Islands Dependencies (Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane), Cambridge, 1980 og The History of Place-names in the British Antarctica, Cambridge, 1991,[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hattersley-Smith, Cape» (innhald frå Geographic Names Information System).