Cape Kidnappers
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cape Kidnappers, med ein stor australsulekoloni midt i biletet
Cape Kidnappers eller på māori Te Matua-a-Maui (Mauis fiskekrok) er eit nes heilt søraust i Hawke Bay på austkysten av Nordøya på New Zealand. Det ligg 20 km søraust for byen Napier. Māorinamnet kjem frå legenda om Nordøya som vart fiska opp or havet av halvguden Maui[1]
Neset ligg heilt i enden av ei åtte km lang halvøy som stikk ut i Stillehavet. Det fekk namn etter ei hending der lokale māoriar freista å bortføra ein av mannskapet - ein tolk frå Tahiti som dei meinte vart halden der mot sin vilje - på skipet til kaptein James Cook, Endeavour i 1769[1].
Neset er tilhaldsstad for ein stor koloni australsuler. Her ligg òg ein verdskjend golfbane.
Referanse [endre]
- ↑ 1,0 1,1 L. Harper, T. Mudd, P. Whitfield & D. Hall (2006) The Rough Guide to New Zealand, 5. utg., s. 487 – Roughguides, New York - London - Delhi. ISBN 1-84353-679-X.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Cape Kidnappers» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mai 2009.