Cape Longing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 64°33′S 58°50′W
Cape Longing
nes
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Graham Land
 - koordinatar 64°33′S 58°50′W
Administrert under Antarktistraktaten
Cape Longing is located in Antarktis
Cape Longing (Antarktis)

Cape Longing er eit nes på austkysten av Graham Land, som utgjer sørenden av eit stort, isdekt nes på vestsida av det sørlege innløpet til Prince Gustav Channel. Det vart oppdaga av Den svenske antarktisekspedisjonen under Otto Nordenskjöld i 1902, og det fekk dette namnet av han fordi frå vinterhytta hans på Snow Hill Island låg neset i same retning som «landet han lengta etter» (longing er eit engelsk for å lengte) å utforske.

Cape Longing er tuppen av Longing Peninsula (64°30′S 58°50′W), ei halvøy som er 14,5 km langt, og strekkjer seg ut frå Nordenskjöld Coast der det skil Larsen isbrem frå Prince Gustav isbrem. Det vart grovt kartlagd av Nordenskiöld, og kalla opp etter neset av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter det geologiske arbeidet til British Antarctic Survey (BAS) i området i 1987-88.

Longing Gap ligg nord for Cape Longing, der landet er 3 km breitt og dannar eit lågt eid. Kløfta vert nytta for å unngå ein lang omveg kring Cape Longing. Det vart kartlagd frå landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1960-61, og vart namngjeve av UK-APC.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cape Longing» (innhald frå Geographic Names Information System).