Cape Mackintosh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 72°50′S 59°54′W
Cape Mackintosh
nes
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Palmer Land
 - koordinatar 72°50′S 59°54′W
Administrert under Antarktistraktaten
Cape Mackintosh is located in Antarktis
Cape Mackintosh (Antarktis)

Cape Mackintosh er eit lågt, isdekt nes som utgjer nordenden av Kemp Peninsula og austsida av Masonfjorden, på austkysten av Palmer Land. Det vart truleg oppdaga av medlemmar frå U.S. Antarctic Service (USAS) som fotograferte ein del av Kemp Peninsula medan dei utforska denne kysten frå lufta i desember 1940. I 1947 vart neset fotografert av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), som i lag med Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) kartla det frå bakken. Det vart namngjeve frå FIDS etter Neil A. Mackintosh (1900–74), som var ein britisk marinebiolog, oseanograf og ekspert på kvalar i Antarktis. Han var medlem av Discovery Investigations frå 1924 og vitskapleg leiar 1929–49. Seinare var han underdirektør National Institute of Oceanography (no Oceanographic Sciences), 1949-61.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cape Mackintosh» (innhald frå Geographic Names Information System).