Cape Perez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cape Perez
nes
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 65°24′S 64°6′W / 65.400°S 64.100°W / -65.400; -64.100
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Cape Perez
65°24′S 64°06′W / 65.4°S 64.1°W / -65.4; -64.1
Plasseringa til Kiev Peninsula i Graham Land på Den antarktiske halvøya.
Plasseringa til Kiev Peninsula i Graham Land på Den antarktiske halvøya.
Plasseringa til Kiev Peninsula i Graham Land på Den antarktiske halvøya.
Cape Perez is located in Antarktis
Cape Perez (Antarktis)

Cape Perez er eit kjenneleg nes mellom Collins Bay og Beascochea BayKiev Peninsula på vestkysten av Graham Land. Det vart oppdaga av Belgica-ekspedisjonen, 1897–99, under Gerlache, men visstnok ikkje namngjeve av dei før kring 1904, då dei i rapportane sine gav det namnet Trooz. Samstundes hadde Charcot og Den franske antarktisekspedisjonen, 1903–05, sett neset og gjeve det namnet Trois Perez, etter brørne Fernando, Leopoldo og Manuel Perez frå Buenos Aires. Maurice Bongrain nyttar i rapporten sin frå 1914 det belgiske namnet Trooz om dette neset. Men Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) har teke namnet Charcot gav, og har gjeve namnet Trooz til ein isbre 5 nautiske mil (9 km) nordaust for Cape Perez.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cape Perez» (innhald frå Geographic Names Information System).