Cape Royds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cape Royds
nes
Hytta til Shackleton ved Cape Royds.
Land  Antarktis
Del av Ross Island
Stad Ross Island
 - koordinatar 77°33′S 166°9′E / 77.550°S 166.150°E / -77.550; 166.150
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Cape Royds
77°33′04″S 166°09′47″E / 77.551°S 166.163°E / -77.551; 166.163
Cape Royds is located in Antarktis
Cape Royds (Antarktis)

Cape Royds i Antarktis er eit mørkt nes vest på Ross Island, ved McMurdo Sound. Det vart oppdaga av Discovery-ekspedisjonen (1901–1904) og kalla opp etter løytnant Charles Royds i Royal Navy, som var meteorolog for ekspedisjonen. Royds vart sidan admiral og kommissær for Metropolitan Police i London.

Det står ei hytte på Cape Royds bygt av Ernest Shackleton i løpet av ekspedisjonen hans 1907–1909.

Hytta til Shackleton[endre | endre wikiteksten]

Då Shackleton drog ut i McMurdo Sound i 1908 etter at han ikkje klarte å gå i land i King Edward VII Land valde han å bygge ei hytte ved Cape Royds, eit lite nes 37 km nord for Hut Point der Scott hadde base i løpet av Discovery-ekspedisjonen. Heile laget overvintra i denne hytta vinteren 1908. Då våren kom vart lagera køyrte på sledar til Hut Point, slik at om havisen skulle smelte for tidleg mellom desse to stadane så hamna dei ikkje i ei farleg stilling. Shackleton vendte ikkje attende til hytta etter å ha reist så langt sør han kom, men overlet hytta til professor Edgeworth David og før heile ekspedisjonen drog derfrå vart hytta sett i stand. Det vart hengt eit brev på veggen inne i hytta som sa det var nok forsyningar og utstyr for femten mann i eitt år. Omnen var i god stand og brevet enda med ein invitasjon om å nytte det ein måtte ønskje av forsyningane. Hytta vart så låst og nøkkelen hengdt på ein synleg plas på døra.[1]

Scott kunne ha nytta denne basen under Terra Nova-ekspedisjonen, sidan det var lite truleg at han ville få dei same isproblema han hadde ved Hut Point, men hadde ei semje med Shackleton om at ingen av dei skulle nytte kvar andre sine anlegg. Eit tidlegare medlem frå Shackleton-ekspedisjonen vitja hytta under Scott-ekspedisjonen 1910–1913. Hytta var intakt og brødet låg framleis på borda slik det hadde vore etterlate. Raymond Priestley, som hadde gått ut av døra på hytta to år tidlegare, skildra det å kome attende til staden som «veldig skummelt». Priestly tok med seg ein boks med smør, boksar med syltetøy, ein plumpudding og pepperkaker, som alle framleis var ferske.

I dag har Antarctic Heritage Trust i New Zealand ansvar for staden. Hytta vart restaurert i januar 1961 av newzealandske styresmakter og er oppført på Antarktistraktaten si liste over historiske stader og kulturminne i Antarktis. Heile området er definert som spesielt verneområde i Antarktis (ASPA nr. 157) i eigenskap av å vere eitt av dei viktigaste områda for menneskeleg aktivitet i Antarktis og eit symbol på den heroiske tidsalder for antarktiske utforskingar.[2]

I 2006 vart fem kassar McKinlay and Co whisky funnen gravlagd under hytta.[3] Ein kasse er i dag i Canterbury Museum i Christchurch i New Zealand for restaurering og mogeleg analyse av whiskyen.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]