Cape Shirreff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 62°27′32″S 60°47′19″W
Cape Shirreff
nes
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 62°27′32″S 60°47′19″W
Administrert under Antarktistraktaten
Plasseringa til Ioannes Paulus II Peninsula på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
Plasseringa til Ioannes Paulus II Peninsula på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
Cape Shirreff is located in Antarktis
Cape Shirreff (Antarktis)

Cape Shirreff er eit dominerande nes ved nordenden av den klipperik halvøya som skil Hero Bay og Barclay Bay på nordkysten av Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane. Det ligg ved ei isfri halvøy som dannar nordenden av Ioannes Paulus II Peninsula. Halvøya strekkjer seg inn i eit spesielt verneområde og ein må ha spesialløyve for å gå i land her.[1] På neset finn ein ynglande antarktisk pelssel og pingvinkoloniar.

Neset vart namngjeve av Edward Bransfield i 1820 etter kaptein William H. Shirreff, den britiske øvstkommanderande i Stillehavet på den tida. Vrakrestar som truleg stammar frå «San Telmo», eit spansk fartøy som forliste i Drakesundet i 1819, vart funne av William Smith i 1820 på Half Moon Beach ved Cape Shirreff. Ein varde på Half Moon Beach og ein plakett på Gaviota Hill i nærleiken er reist til minne om ofra på det spanske fartøyet. Desse minnesmerka står oppført på lista over historiske stader og kulturminne i Antarktis.[2]

Cape Shirreff ligg 24,16 km nordaust for Essex Point, 33,63 km sør for Williams Point og 20,58 km nordvest for Siddons Point. Lyung also 809.4 km sør-søraust for Kapp Horn, Cape Shirreff er den staden i området Antarktistraktaten gjeld for som er nærast ikkje-antarktisk territorium.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]