Cape Spencer-Smith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 78°0′S 167°27′E
Cape Spencer-Smith
nes
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Victoria Land
 - koordinatar 78°0′S 167°27′E
Administrert under Antarktistraktaten
Cape Spencer-Smith is located in Antarktis
Cape Spencer-Smith (Antarktis)

Cape Spencer-Smith er det nordlegaste neset i White Island i Ross Archipelago. Det vart namngjeve av New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE) (1958–59) etter Arnold P. Spencer-Smith, feltprest med Ross Sea Party under Endurance-ekspedisjonen (1914–17), som døydde 9. mars 1916 på attendereisa etter å ha lagt ut depot til Mount Hope for laget til Shackleton. Han leid av skjørbuk og måtte berast i 40 dagar på slede av resten av laget før han døydde. Mellom neset og Ross Island ligg Haskell Strait.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cape Spencer-Smith» (innhald frå Geographic Names Information System).