Cappelen Damm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Cappelen Damm AS er eit norsk forlag skipa i 2007 ved at forlaga J.W. Cappelens Forlag AS, skipa i 1829, og forlaget N.W. Damm & Søn A/S, skipa i 1843, vart slege saman. Forlaget er eigd av det svenske konsernet Bonnier Books AB og det danske konsernet Egmont (det tidlegare Gutenberghus) med ein halvpart kvar. Bonnier Books AB hadde kjøpt opp J.W. Cappelens Forlag i 1987, og Egmont (som er organisert som ei stifting) hadde kjøpt opp N.W. Damm & Søn A/S i 1984.

Bokhandelkjeda Tanum, som N.W. Damm & Søn A/S kjøpte sommaren 2006, vart etter samanslåinga eit heileigd dotterselskap av Cappelen Damm AS, og det same gjeld bokdistribueringverksemda Sentraldistribusjon ANS, som J.W. Cappelens Forlag AS åtte. Flamme Forlag er formelt underlagt Cappelen Damm AS, som dessutan eig 66 % av Larsforlaget til den norsk-samiske journalisten, forfattaren og villmarksfararen Lars Thorbjørn Monsen.

Forlaget og bokklubbavdelingane har tilhald i «Cappelen Damm-huset», som er dagsavisa Dagbladets tidlegare hus i Akersgata 47/49 i Oslo.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!