Caprera
| Caprera | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Middelhavet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Øygruppe | Maddalenaøyane |
| Areal | 15,5 km² |
| Høgaste punkt | Monte Tejalone (212 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | Italia |
| Region Provins |
Sardinia Olbia-Tempio |
Caprera er ei øy i Maddalenaøyane nær Bonifaciosundet nord for Sardinia i Italia. Øya har eit areal på 15,5 km² og er ein populær turistdestinasjon. Ho er kjend som staden der Giuseppe Garibaldi trekte seg tilbake til (1856–82).
Øya er ein del av eit naturreservat på grunn av fuglane som held til her (mellom anna skarv og vandrefalk). Namnet på øya er forbunde til Giuseppe Garibaldi, ein italiensk nasjonalist og fridomskjempar på 1800-talet, som var ein av fedrene til det italienske sjølvstende. Han kjøpte øya i 1855 og døydde der i 1882. Huset hans er i dag eit museum og eit minnekapell og øya i seg sjølv er eit nasjonalmonument. Caprera er forbunde til øya La Maddalena via ei 600 meter lang vegfylling.
Øya har truleg fått namnet sitt av dei mange villgeitene som heldt til her (Capra tyder «geit» på italiensk).
Ho er den nest største øya i øygruppa og har ei kystlinje på 45 km. Monte Tejalone er det høgaste punktet med 212 meter over havet. Det finst ingen hotell på øya, men ein stad har bungalower. Det klåre sjøvatnet rundt øya inneheld restane av mange romerske lasteskip.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Caprera frå Engelsk Wikipedia .