Caral

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pyramidar i Caral.

Caral (2600 f.Kr.–1800 f.Kr.) er ein ruinby som ligg i Supe-dalen 180 km nord for Lima i Peru frå førkeramisk periode VI. Eldste datering er omtrent frå tida då Giza-pyramidane i Egypt vart bygd.

Denne arkeologiske plassen inneheld pyramidar, steintemplar, alter og bustader. Området er på ca. 650 dekar. Sivilisasjonen her kan ha vore heimstad for opp til 3000 menneske. Dei arkeologiske utgravingane er ikkje ferdige, i 2002 blei eit amfiteater med diameter på 30 meter grave ut. Av andre funn kan nemnast utsmykka fløyter laga av bein frå kondorar og pelikanar. Her finst spor etter handel med kystområda, med jungelområda og med folk i Andes. Her er òg spor etter jordbruksvarer som bomull, squash og guava. Ein hadde ikkje tatt i bruk mais endå. Arkeologar har hevda at Caral viser korleis sivilisasjonar i «den nye verda» har utvikla seg i takt med dei i «den gamle verda».

Caral kan vere den eldste arkeologiske plassen i Amerika med spor etter vel utvikla urban sivilisasjon. Ruinbyen er ein del av eit større område i Norte Chico med til saman 10 – 20 byar, med bustader i stein, kanalar for vatn og plassar for seremoniar.

Funnet vart gjort så tidleg som i 1905. Grundige undersøkingar vart starta i 1994 av ei gruppe leia av Ruth Shady, og held endå fram.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]